I mai 2020 førte koronanedstenginga til tydeleg redusert drivstoffsal til vegtrafikken. Frå dette nivået auka årets sal av autodiesel 10 millionar liter og enda på 238 millionar liter. Salet av bilbensin gjekk opp 3 millionar liter og enda på 85 millionar liter.

Salet av drivstoff til fly heldt seg framleis lågt i mai. Det vart selt 21 millionar liter jetparafin, 2 millionar liter mindre enn i same månad i fjor.

¹ Omfattar tungdestillat, tungolje, flybensin og bitumen (asfalt).