206697_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
206697
Oppgang i driftsresultatet for kraftselskapa
statistikk
2015-03-25T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
true
Den årlege elektrisitetsstatistikken skal gi en oversikt over økonomiske hovedtall for kraftnæringa og følgje utviklinga i tilgang og forbruk av elektrisk kraft.

Elektrisitet, årstal2013

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Oppgang i driftsresultatet for kraftselskapa

Driftsresultatet for kraftselskapa blei 29,3 milliardar kroner i 2013, ein auke på 10 prosent samanlikna med året før. Dette kan sjåast i samanheng med høgare elektrisitetsprisar i 2013.

Elektrisitetsbalanse. Årlig. GWh.
2013AndelProsent
2012 - 2013
Produksjon i alt133 975100,0-9,3
Vasskraftproduksjon128 69996,1-9,9
Varmekraftproduksjon3 3952,51,1
Vindkraftproduksjon1 8811,421,5
 
Import10 135141,9
Eksport15 140-31,2
 
Bruttoforbruk128 970-0,7
Pumpekraftforbruk og annet eget forbruk1 406-32,9
Tap og statistisk differanse8 024-11,8
Nettoforbruk119 540100,00,7
Bergverksdrift og industri m.m.51 92843,40,4
Tenesteyting m.m.26 64722,30,0
Hushald og jordbruk40 96534,31,5

Produksjonsverka hadde det høgaste driftsresultatet, på 21,8 milliardar kroner. Nettselskapa oppnådde eit driftsresultat på 4,5 milliardar kroner, medan driftsresultatet for resterande verk var 3,0 milliardar kroner. Årsoverskotet i kraftnæringa blei 14,1 milliardar kroner i 2013. Dette er ein auke på 7,2 prosent i høve til året før.

Auke i bruttoinvesteringane

Bruttoinvesteringane for kraftselskapa gjekk opp frå 16,7 milliardar kroner i 2012 til 19,1 milliardar kroner i 2013. Medan bruttoinvesteringar i vasskraftstasjonar var 5,0 milliardar kroner, var bruttoinvesteringar i varmekraft- og vindkraftverk høvesvis 21 og 450 millionar kroner. Det vart investert i sentral-, regional- og distribusjonsnett for høvesvis 4,4, 1,5 og 3,5 milliardar kroner i 2013.

Lågare straumproduksjon

Produksjonen av elektrisk kraft var 134,0 TWh i 2013, ein nedgang på 9,3 prosent i høve til 2012 som var eit år med rekordhøg produksjon. Medan varmekraft og vindkraft stod for høvesvis 2,5 og 1,4 prosent av samla produksjon, utgjorde vasskraft 96,1 prosent. I 2013 vart det produsert mest elektrisitet i Nordland. Straumproduksjonen i dette fylket utgjorde 13,1 prosent av total kraftproduksjon. Andre fylke med høg produksjon er Hordaland og Sogn og Fjordane. Produksjonen i kvar av desse fylka utgjorde høvesvis 12,6 og 11,1 prosent av total kraftproduksjon.

Noreg eksporterte 15,1 TWh i 2013, medan vi importerte 10,1 TWh. Dette ga ein netto eksport på 5 TWh.

Høgare straumforbruk

Frå 2012 til 2013 var det ein auke i totalt nettoforbruk av straum på 0,7 prosent, og forbruket blei 119,5 TWh. Hushald og jordbruk stod for om lag ein tredjedel av det totale straumforbruket. Andre næringar med høg del er kraftintensiv industri (29 prosent) og tenesteyting (21 prosent).