6228_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
6228
303 000 med utanlandsk statsborgarskap
statistikk
2009-03-12T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

303 000 med utanlandsk statsborgarskap

Av dei 4 799 300 personane som budde i Noreg 1. januar, var 303 000, eller 6,3 prosent, utanlandske statsborgarar. Talet på desse voks med 36 700 i 2008, den største auken nokosinne. Dei polske statsborgarane utgjer no den største gruppa.

65 prosent av dei utanlandske statsborgarane har eit europeisk statsborgarskap, snautt 20 prosent har eit asiatisk statsborgarskap og 9 prosent eit afrikansk. I alt er det personar med 185 forskjellige statsborgarskap busette i Noreg. Det er særleg inn- og utvandringar, men òg overgang til norsk statsborgarskap, som fører til endringar i talet på busette med utanlandsk statsborgarskap. Overgang til norsk statsborgarskap krev normalt ei viss butid i Noreg. Frå midten av 1980-åra har det vore ei stor overvekt av ikkje-europeiske statsborgarar blant dei som har søkt om og fått norsk statsborgarskap. Til dømes er nesten alle innvandrarane frå Vietnam norske statsborgarar, medan det berre er eit fåtal av dei som har kome frå Sverige som har skifta statsborgarskap.

Talet på polske statsborgarar auka mest i 2008, slik det har vore kvart år sidan 2004. Det var ved årsskiftet 39 200 polske statsborgarar busette, 12 400 fleire enn førre året. Svenske statsborgarar utgjer den nest største gruppa (32 800), følgt av danske (20 600) og tyske (18 900) statsborgarar. Dei gruppene som auka mest, var polske, tyske, svenske og litauiske statsborgarar. Nokre få grupper hadde nedgang, og nedgangen var størst blant dei med pakistansk statsborgarskap (265 færre enn førre året).

Kor held dei til?

Det var flest utanlandske statsborgarar busette i Oslo og Akershus. I desse fylka stod dei for høvesvis 12 og 7 prosent av folketalet. 36 prosent av alle utanlandske statsborgarar i Noreg budde i desse to fylka. I Rogaland og Buskerud var òg om lag 7 prosent av dei busette utanlandske statsborgarar. Fylket med den største veksten i talet på utanlandske statsborgarar var Oslo, der det budde noko over 7 800 fleire 1. januar 2009 enn ved førre årsskiftet.

Kjønn og alder – store skilnader mellom gruppene

Det er store skilnader i kjønns- og alderssamansetjinga mellom grupper av utanlandske statsborgarar. 53 prosent av alle dei utanlandske statsborgarane er menn. Ser ein på statsborgarane frå Hellas, Polen og Slovakia, er om lag 70 prosent menn. Det er 28 100 polske menn i Noreg, men berre 11 100 polske kvinner. Av statsborgarane frå Thailand og Filippinane er berre 15 og 18 prosent menn. Frå land som Ukraina, Brasil og Japan er om lag tre av fire kvinner.

Medan 36 prosent med afrikansk statsborgarskap er under 20 år, er berre 10 prosent av dei frå Nord- eller Mellom-Amerika, og 7 prosent av dei frå Oseania, i denne aldersgruppa. Og medan kvar tredje frå Nord- eller Mellom-Amerika er 50 år eller over, gjeld dette berre 3 prosent av dei frå Afrika.

Når det gjeld einskildland, ser ein at mellom 40 og 50 prosent av dei med til dømes somalisk, afghansk eller burmesisk statsborgarskap er under 20 år, jamført med berre under 10 prosent av dei frå Storbritannia, Italia og USA. Og medan om lag 40 prosent frå USA er 50 år eller over, gjeld dette berre frå 2 til 3 prosent av dei med statsborgarskap frå Etiopia og Somalia. 58 prosent av alle dei polske statsborgarane er menn mellom 20 og 49 år.

Sivilstand, bydelar, grunnkrinsar

Folketalet i bydelane i dei fire kommunane som har ei slik inndeling, vert no publisert, og det vert òg folketalet i grunnkrinsane. Samstundes er inndelinga etter sivilstand klar. For nokre av tala er det den høge innvandringa som ligg bak endringane. Til dømes har talet på gifte personar i aldersgruppa 25-49 år gått opp frå 738 100 i fjor til 741 600 i år, ein vekst på 3 500 personar. Det er den høge innvandringa som fører til at denne gruppa veks. Talet på gifte polakkar i denne aldersgruppa gjekk opp frå 13 000 i fjor til 18 400 i år, ein vekst på 5 400. Det vil seie at om desse polske statsborgarane ikkje hadde kome til landet, hadde talet på gifte i gruppa 25-49 år ikkje gått opp med 3 500, men gått ned med 1 900. Fleire detaljar kan ein finna i tabellane som no er ferdige, og i Statistikkbanken.

Tabeller