215602
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar-detaljerte-tal
215602
Høg gjennomsnittsalder for førstegongsvigde
statistikk
2015-08-20T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false
Statistikk om vielser og skilsmisser. 22 900 inngikk ekteskap i 2014. Det er færre enn året før. Gjennomsnittsalderen for å gifte seg øker.

Ekteskap og skilsmisser2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høg gjennomsnittsalder for førstegongsvigde

Gjennomsnittsalderen for førstegongsvigde menn og kvinner aukar stadig, og er nå 34,3 år for menn og 31,6 år for kvinner. I 2014 var det 22 900 par som gifta seg, 10 800 par tok ut separasjon og 9 600 blei skilde.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
20132014Endring i absolutte tall
2013 - 2014
Inngåtte ekteskap23 41022 887-523
Skilsmisser9 7369 556-180
Separasjonar10 91210 824-88

Både for menn og kvinner har gjennomsnittsalderen for førstegongsvigde auka over lang tid, og til samanlikning var den 29,8 år for menn og 27,2 år for kvinner i 1994. Heilt tilbake til 1974 har det vore ei årleg auke i desse gjennomsnittsaldrane, med unnatak for åra 2009 og 2010 då dei gjekk noko ned.

Færre vigslar

Det blei inngått 22 900 ekteskap i 2014, vel 500 færre enn i 2013. Frå 1992 til 2000 auka talet på par som gifta seg frå 18 600 til ein topp på 25 500 par i 2000. I perioden 2001 til 2007 var det noko færre vigslar til det igjen steig til ein ny topp i 2008. Etter det har talet på vigslar gått ned med nesten 2 500 frå 25 350 i 2008 til 22 900 i 2014.

Det blei inngått 269 ekteskap av par med same kjønn i 2014, 106 av menn og 163 av kvinner. Talet på inngåtte ekteskap av par med same kjønn har vore stabilt dei siste fem åra. Sidan 2006 har det vore fleire ekteskap av kvinner enn av menn som har inngått partnarskap eller ekteskap. I 2005 var det omtrent like mange av kvart kjønn, og før den tid var det flest mannlege par.

Fleire giftar seg meir enn ein gong

Sett i høve til 2013 gjekk giftarmålsraten for førstegongsvigde ned i alle aldersgrupper for menn og kvinner, bortsett frå ein auke blant kvinner i aldersgruppa 55-59 år og for menn i aldersgruppa 50-54 år. Det var fortsatt flest førstegongsgifte i alderen 30-34 år blant både menn og kvinner.

I perioden 1966-1970 var 89 av 100 par førstegongsvigde, sidan den tida har denne delen gått ned, og i 2014 var delen på nær 73 prosent.

Låg skilsmisserate

Skilsmisseraten for menn var 10,1 medan han var 10,6 for kvinner i 2014. For menn har ikkje denne raten vore lågare sidan 1989, og for kvinner må ein attende til 1999 for å finne ein lågare rate. Skilsmisseraten var høgast for menn i aldersgruppa 45-49 år i 2014, nest høgast var den for aldersgruppa 40-44 år. For kvinner var skilsmisseraten høgast i aldersgruppa 40-44 år, deretter aldersgruppa 25-29 år.

I 2014 opplevde 8 600 barn under 18 år at foreldra skilde lag og 11 900 barn at foreldra blei separerte. Det var 350 fleire barn som opplevde at foreldra skilde lag enn i 2013, og omtrent like mange som opplevde at foreldra blei separert.

Separasjonsraten for menn var 11,8 og 12,6 for kvinner i 2014. Både for menn og kvinner er dette dei lågaste ratane sidan 1999, som var det første året ratane blei berekna.

78 ektepar av same kjønn vart separerte og 50 ektepar av same kjønn vart skilde i 2014. 26 partnarpar blei separert, og 35 partnarpar skilde seg.

Mange giftar seg i juni og august

Det er mest vanleg å gifta seg i månadene mai til september, da heile to av tre ekteskapa blei inngått. Toppen var i juni og august. Frå mai til september er det og fleire som giftar seg enn det er som tar ut separasjon eller skilsmisse. Elles i året er det motsett, det vil seie at fleire tar ut enten separasjon eller skilsmisse enn det er som giftar seg.

Skilsmisser og separasjonar jamnar seg meir ut over året, men med noko fleire i månadene oktober - mars, med ein topp i oktober. Unnataket her er desember som er månaden der det er minst vanleg å ta ut separasjon eller skilsmisse.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB