Etter ein foreløpig botn i 2023 auka fødselstalet i 2024 og 2025. Nye tal frå statistikken Befolkning syner at oppgangen heldt fram i årets seks første månader.
– Sjølv om fruktbarheita framleis er låg i eit historisk perspektiv, er dette ein tydeleg oppgang på så kort tid, seier seniorrådgjevar Espen Andersen i SSB.
Auken i fødselstala sidan 2023 har gitt fleire fødslar på alle dei seks Kommunane delast inn i seks nivå etter kor sentrale dei er. Nivå 1 er mest sentralt, medan nivå 6 er minst sentralt. Sjå kva kommunar som ligg på dei forskjellige nivåa her: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/710, sjølv om det var ein liten nedgang i dei minst sentrale kommunane i 2026.
– Sjølv om oppgangen i fødselstalet ikkje er like stor overalt, har talet på fødde auka på tvers av alle fylke og sentralitetsnivå sidan 2023. Ser vi på endringane frå 2025 til 2026 var det ingen fylke som fekk færre fødde, det næraste var Troms og Finnmark kor begge fylka var uforandra, seier Andersen.
Låg folkevekst
Ellers viser dei nyss publiserte tala for 2. kvartal at folketalet i Noreg auka med 3 100 i 2. kvartal, og var 5 636 900 ved kvartalets slutt. Folkeveksten var låg sjølv om fødselstala auka. Dette skuldast flyttetala, som viser at Noreg hadde netto utvandring i 2. kvartal – altså at det var fleire som flytta frå enn til landet.
Flyttetala er mindre dramatiske enn ein kunne tru ved første augekast. I 2. kvartal vart det gjort oppryddingsarbeid i folkeregisteret, der personar som ikkje har gitt livsteikn frå seg på lang tid og neppe bur i landet lenger, vart tekne ut av befolkninga. Mange av utvandringane i statistikken for 2. kvartal har i realiteten skjedd i tidlegare kvartal.
Finn tal for din kommune
Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:

