Ved utgangen av 1. kvartal var folketalet 5 633 770 etter å ha auka med 6 370 sidan året byrja. I 1. kvartal i 2025 var auken på 6 700 personar. Den lågare veksten skuldast i hovudsak at det kjem færre ukrainarar til landet. Det viser tal frå statistikken Befolkning.

Fødselsoverskotet, eller forskjellen mellom talet på fødde og dødsfall, auka samanlikna med same periode i 2025.

– I første kvartal vart det fødd 13 680 barn, medan 12 160 personar døydde. Samanlikna med første kvartal i 2025 er dette ein auke i talet på fødde på 580, medan talet på døde var 340 høgare, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.

Figur 1. Folketal ved utgangen av kvartalet. 2000K1 - 2026K1

Færre innvandringar gav lågare folkevekst

Befolkninga veks framleis, men i eit lågare tempo enn dei siste åra. På det høgaste innvandra om lag 14 700 ukrainske statsborgarar i løpet av eitt kvartal. I første kvartal 2026 var talet 3 320. Samstundes utvandra 1 860 ukrainske statsborgarar.

– Folkeveksten har bremsa opp i takt med at færre ukrainarar har flytta til Noreg, seier Haug.

Figur 2. Folkevekst, innvandringar i alt, og innvandra ukrainske statsborgarar, per kvartal. 2020K1-2026K1

Dermed var første kvartal i år det kvartalet med lågast folkevekst, målt i høve til folketalet, sidan 2004 – med unntak av koronaåret 2020. Folkeveksten var 1,13 per 1 000 innbyggjarar.

Figur 3. Folkevekst per 1000 innbyggjarar i 1. kvartal, 2000-2026

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:


Østfold

Akershus

Oslo

Buskerud

Innlandet

Vestfold

Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark