– Det siste året har vi sett store endringar i befolkningutviklinga. Kort fortalt får vi no fleire born, mens dødelegheita har gått ytterlegare nedover. Samstundes kjem det færre innvandrarar til landet, og utflyttinga frå Oslo har auka mykje, seier rådgjevar Magnus Haug i SSB.

Folkeveksten på 7 400 personar er klart høgare enn i same periode i 2020, viser dei ferske tala frå statistikken Befolkning. Men fjoråret var eit unntak. Veksten i første kvartal i år var berre marginalt lågare enn åra før det. Samstundes er drivarane bak, altså talet på fødslar, dødsfall, inn- og utvandring, annleis no.

Det var 11 200 innvandringar til Noreg i første kvartal. Det er 700 fleire enn året før, då dei tre siste vekene i 1. kvartal 2020 var prega av strenge korona-tiltak. Talet er likevel lågt samanlikna med åra før.

– Forutan 2020 hadde det ikkje vore eit førstekvartal med færre innvandringar sidan 2006, seier Magnus Haug.

Samanlikna med dei siste åra bidreg no ein auke i fødslar og færre dødsfall meir til folkeveksten.

Fleire fødde, færre døde

13 700 born blei fødd i 1. kvartal 2021. Det er ein auke på nesten 700 frå same kvartal året før. Talet på fødslar auka for kvinner i alle aldersgrupper mellom 29 og 49 år.

Auka i fødslar byrja allereie i desember i fjor – ganske nøyaktig ni månader etter dei første koronatiltaka vart innført. Viss utviklinga held seg gjennom året kan det snu ein over ti år lang trend med dalande fruktbarheit i Noreg. Les meir om det her.

Samstundes døydde 10 100 personar, som er 700 færre enn i same periode i fjor. Dødelegheita i Noreg har sokke i lang tid, også i 2020 og så langt i 2021.

– Nedgangen i dødelegheita og oppgangen i fødslar gav eit fødesloverskot på 3 600 personar i første kvartal. Det er det høgaste overskotet i eit førstekvartal sidan 2014, seier Magnus Haug.

Dødelegheita gjekk ned innanfor mange aldersgrupper. Spesielt tydeleg var nedgangen for menn 90 år eller eldre. I denne aldersgruppa døydde 67,7 av kvar 1 000 mann i første kvartal 2020, mot berre 58,2 per 1 000 i første kvartal 2021.

Flyttetap for fleire store kommunar

Dei mest sentrale kommunane i landet ( ) hadde til saman eit i første kvartal. Det betyr at det flytta fleire ut enn inn.

– Dette er svært uvanleg. Det har skjedd i enkelte kvartal tidlegare, men ikkje i eit førstekvartal sidan SSB byrja å publisere dette i 1998, seier Magnus Haug.

Fleire store einskildkommunar – til dømes Bergen, Stavanger og Kristiansand – hadde innanlandske flytteunderskot, men samanlikna med førstekvartalstal for dei siste fem åra var ikkje desse tala oppsiktsvekkjande. Derimot skilde Oslo seg ut blant dei største kommunane, med ein stor auke i det innanlandske flytteunderskotet.

– Oslos innanlandske flytteunderskot var på 1 900 i første kvartal. Det skuldast ein stor auke i utflyttingar samanlikna med året før, utan at det var nokon liknande auke i talet på innflyttingar, seier Magnus Haug.

Det var 2 000 fleire utflyttingar frå Oslo til andre kommunar enn i noko førstekvartal frå 2017 til 2019, og 1 400 fleire enn i same kvartal i 2020. På same tid har det vorte færre flyttingar til Oslo sidan 2020, eller marginalt fleire enn i kvart førstekvartal i åra frå 2017 til 2019.

Kommunane på sentralitetsnivå 5 og 6, altså landets minst sentrale kommunar, hadde også innanlandske flytteunderskot i årets første kvartal, men underskotet var noko mindre enn tidlegare. Felles for desse to nivåa er at flytteunderskotet deira i første kvartal har minka over fleire år, og at denne utviklinga ikkje var noko som byrja med koronapandemien. Til saman hadde nivå 5 og 6 eit innanlandsk flytteunderskot på 630, som er 100 lågare enn i same kvartal i 2020. Jamført med åra frå 2017 til 2019, då det var mellom 1 200 og 1 600, har underskotet minka monaleg.

¹ Sjå oversikta over sentralitetsnivå og kommunar her: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/128/korrespondanser/619

Visualisering av dødeligheita