Innhald
Publisert:
Færre barn i barnevernsinstitusjonar
Fleire barn enn før var registrerte med statlege tiltak frå barnevernet i 2005, men talet på behandlingsdøgn i barnevernsinsitusjonar gjekk ned. I staden var det ein auke i talet på barn i fosterheim.
Det blei i alt brukt vel 4 milliardar kroner i det statlege regionale barnevernet i 2005. Av desse gjekk vel 2,8 milliardar, det vil seie 70 prosent, til plassar i barnevernsinstitusjonar. Talet på registrerte behandlingsdøgn i barnevernsinstitusjonar var 33 600 døgn lågare i 2005, enn året før. I alt var vel 4 550 barn og unge registrerte med tiltak frå det statleg regionale barnevernet ved utgangen av 2005. Det er om lag 200 fleire enn året før, og ein auke på 4,7 prosent.
Vel 4 550 barn med tiltak per 31.12
Ved utgangen av 2005 var det i alt 4 569 barn som tok imot tiltak frå det statleg regionale barnevernet, mot 4 363 barn året før. Det vil seie at 38 per 10 000 barn 0-19 år tok imot statlege barnevernstiltak i 2005, mot 36 året før.
Talet på barn med tiltak ved utgangen av 2005, målt per 10 000 barn 0-19 år, er framleis høgast i Trondheim kommune og Oslo, med 56 og 52. Av regionane ligg Vest og Øst høgast med 44 og 40. Dei andre tre regionane ligg alle under landsgjennomsnittet, med Midt-Norge med færrast klientar; 23 per 10 000 barn.
Talet på barn i fosterheim har derimot auka frå 1 866 barn i 2004 til 2 009 barn ved utgangen av 2005, ein auke på 7,7 prosent (i dette talet inngår fosterheim med forsterking, familieheim/ungdomsfamiliar/ §4-27-plasseringar og beredskapsheim). Også barn i heimebaserte tiltak har auka siste år, frå 876 ved utgangen av 2004, til 1 021 barn i 2005, ein auke på 16,6 prosent.
Ulike tiltaksprofilar
Region Vest og Nord toppar lista over brutto driftsutgifter til barnevern per innbyggjar 0-19 år med 4 288 kroner og 3 601 kroner. Begge desse regionane brukte ein relativ høg del til institusjonsplasseringar, 76 og 77 prosent. I Midt-Norge, som er den av regionane som brukte minst per innbyggjar med 2 173 kroner, gjekk til samanlikning berre 65 prosent til institusjonsplassar for barn og unge. Region Sør, som brukte 3 052 kroner per innbyggjar, er den av regionane kor delen brukt til barnevernsinstitusjonar var lågast. Her gjekk 60 prosent av brutto driftsutgifter til institusjonsplassar, og ein relativt høy del, 23 prosent, til fosterheimar med økonomisk støtte frå regionen.
Færre døgn i barnevernsinstitusjonar
Det blei brukt vel 2,8 milliardar kroner på plassar i barnevernsinstitusjonar i 2005. Talet på registrerte behandlingsdøgn var til saman 558 500 i 2005, mot 592 100 døgn året før, ein nedgang på 33 600 døgn, eller 5,7 prosent færre. Ved utgangen av 2005 var det i alt 1 539 barn som hadde institusjonsplass, mot 1 621 året før. Det vil seie 5,1 prosent færre klientar. Registrerte opphald i institusjon har derimot auka frå 4 027 i 2004, til 4 283 i 2005, ein auke på 6,4 prosent. Denne auken indikerer ein større gjennomstrømming, og at opphald i barnevernsinstitusjonar er blitt kortare. Det er talet på barn i offentleg eigde institusjonar som har gått ned siste år (tabell 5), medan talet på barn i privat eigde institusjonar per 31.12 er om lag det same som året før.
Vel 5 000 kroner per døgn
I gjennomsnitt kosta ein institusjonsplass 5 087 kroner per døgn i 2005 (tabell 3). Vi finn her store skilnader mellom regionane. Region Vest og region Midt hadde dyrast døgnpris med 6 020 kroner og 5 902 kroner, medan ein institusjonsplass i region Sør til samanlikning kosta 4 800 kroner per døgn. Oslo og Trondheim ligg lågast med ein gjennomsnittleg døgnpris på 3 535 kroner og 2 832 kroner .
Statleg overtaking av fylkeskommunalt barnevern
|
Tabeller:
- Tabell 1 Nøkkeltal for statleg regionalt barnevern. Tal for 2005
- Tabell 2 Grunnlagsdata for statleg regionalt barnevern. Tal for 2005
- Tabell 3 Behandlingsdagar i barnevernsinstitusjonar i løpet av året, og brutto driftsutgifter til barnevernsinsitusjonar, etter region/kommune. 2005
- Tabell 4 Barn i statleg regionale barnevernstiltak per 31. desember, etter type tiltak og region/kommune. 2001-2005
- Tabell 5 Barn med plass i barnevernsinstitusjonar per 31.desember, etter type institusjon og region/kommune. 2001-2005
- Tabell 6 Barn i fosterheimar med statleg regional støtte og i ordinære fosterheimar per 31.desember, etter type tiltak og region/kommune. 2001-2005
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42