2138
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2138
Uendra arbeidsløyse
statistikk
2005-08-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra arbeidsløyse

Arbeidsløysa i mai var uendra frå månaden før, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Talet på arbeidslause i mai (tremånadersperioden april-juni) var uendra frå månaden før (mars-mai). Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar viste ein liten nedgang i same perioden (frå månaden før).

Sidan våren 2004 har arbeidsløysa hatt ei noko ulik utvikling når ein samanliknar AKU og registertala frå Aetat. Personar registrerte på arbeidsmarknadstiltak eller som yrkeshemma i Aetat vert haldne utanfor statistikken over registrerte arbeidslause, medan dette ikkje treng å vera tilfelle for AKU sine tal over arbeidslause. Gjennom 2004 og fram til byrjinga av 2005 har det vore ein sterk vekst i talet på yrkeshemma i Aetat. Dette har truleg medverka til at AKU har synt ein auke i arbeidsløysa over den same perioden, medan Aetat sine tal på registrerte arbeidslause har vist ein nedgang. Meir om dette kan du lese i ein eigen artikkel.

Etter ein periode med negativ utvikling frå våren 2002, har sysselsetjinga i perioden sommaren 2003 til utgangen av 2004 auka meir eller mindre kontinuerleg. Frå februar (januar-mars) til mai i år var det ingen signifikante endringar i talet på sysselsette.

Lågare arbeidsløyse internasjonalt

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,7 prosent i mai, mot 4,5 prosent i februar. I EU-landa gjekk talet ned frå 8,1 til 8,0 prosent, medan OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,8 til 6,6 prosent. Også i USA var det nedgang i arbeidsløysa, frå 5,4 til 5,1 prosent. Frå februar til mai heldt arbeidsløysa i Frankrike og Tyskland seg om lag uendra på respektive 9,8 og 9,6 prosent. For Danmark og Finland er det berre tilgjengelege tal for april frå OECD og Eurostat . Samanlikna med januar gjekk arbeidsløysa i desse respektive landa ned frå 5,0 til 4,9 prosent og frå 8,8 til 8,6 prosent.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. April/mai 2005. I prosent av arbeidsstyrken

Uendra vekeverkstal

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) viste ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå februar til mai i år var talet på utførte vekeverk uendra.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Dekkjer AKU all sysselsetjing?

For å kunne vera med i AKU må ein vera registrert som busett i folkeregisteret. Dette er personar som ein trur vil bu i landet i minst seks månader. Utlendingar som arbeider i Noreg i kortare tidsperiodar kjem difor ikkje med i AKU-tala. På den andre sida har ein med dei som er registrerte som busett i Noreg, men arbeider i utlandet. AKU følgjer her den avgrensinga som internasjonale organ rår til at ein nytter i personstatistikken. Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert nokre tal for dei som ikkje er registrerte som busett .

I nasjonalrekneskapen og økonomisk statistikk er dei internasjonale føresegnene noko annleis. Her reknast sysselsetjing i alle bedriftene som "høyrer heime i landet" med, utan omsyn til om dei sysselsette er registrerte som busett eller ikkje. Men då ein krev at ei bedrift skal ha verksemd i landet i om lag eit år for å verta definert som at ho høyrer heime i landet, vil det også her vera nokre som arbeider i landet som ikkje blir talde med som sysselsette. I nasjonalrekneskapen skal produksjon i bedrifter med kort produksjonstid i landet klassifiserast som import.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB