Fiske som hovudnæring

For å bli registrert i manntalet over fiskarar med fiske som hovudnæring må ein ha inntekt frå fiske og fangst som på årsbasis svarer til minst 100 000 kroner. Ein kan ikkje vere sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Ein må også vere minst 15 år, vere busett i Noreg og må arbeide om bord i eit fartøy som er ført inn i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy.