Sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel mars-mai 2018, mot desember 2017-februar 2018. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.