Den helserettslege myndigheitsalderen

Den helserettslege myndigheitsalderen i Noreg er 16 år, og barn over 16 år kan sjølv bestemme om de vil ta imot helsehjelp. Derfor skal det i utgangspunktet ikkje bli sendt melding til barnevernet eller føresette viss barn over 16 år ikkje møter hos tannlegen. Mistanke om omsorgssvikt eller mishandling skal uansett meldast til barnevernet fram til barnet er 18 år.