Førebelse tal

Inneber at det stadig er mogleg for kommunane å gjere endringar i data for 2017 og rapportere desse på nytt til IPLOS-registeret. Det inneber i sin tur at tal for einskilde kommunar kan bli endra. Samstundes har tidlegare årgangar av tal på brukarar og tenester frå IPLOS-registeret vist at det sjeldan er store skilnader mellom førebelse tal i mars og endelege tal i juni. Det gjeld særleg tal på landsnivå eller nasjonale tal slik som dei som blir omtalte her.