Sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel november 2017- januar 2018, mot august-oktober 2017. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.