Feilmarginen

Feilmarginen seier kor stor endring AKU må vise før vi er rimeleg trygge på at det har skjedd ei endring. Med eit nivå på kring 120 000 arbeidslause må vi sjå ei endring på meir enn +/- 13 000 før vi er rimeleg trygge på at det har vore ei faktisk endring. Tilsvarande må vi ha ei endring i sysselsettingstalet på meir enn +/- 18 000 personar om vi tar utgangspunkt i eit nivå på rundt 2 650 000 sysselsette.