Løyve

Dei som vil produsere laks, treng eit eller fleire løyve (konsesjonar). Kvart løyve gjev rett til å ha ei maksimal mengd fisk i sjøen til kvar tid, også kalla maksimal tillaten biomasse (MTB). I Troms og Finnmark var denne grensa 945 tonn, i dei andre fylka 780 tonn i 2016.