Sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånads glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadsperiodane, for eksempel oktober – desember 2015, mot juli – september 2015. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.