Innleigd arbeidskraft

I nokre industrinæringar vert det brukt timeverkstal som indikator på produksjonen. Frå og med 2012 vert også timeverk utførte av innleigde arbeidarar tekne med i berekningane, i tillegg til timeverk utførte av fast tilsette. Innleigde arbeidarar er definerte som arbeidarar leigde inn frå ei anna produksjonsverksemd eller eit bemanningsselskap i ein mellombels periode.