Årsauke

Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsauken blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for det aktuelle året og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsauken må ikkje blandast saman med tolvmånadsendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter. Både årsauke og tolvmånadsendring blir berekna frå kalenderjusterte tal.