Månadleg
Vert normalt publisert den 27 - 28 i månad m + 1.
Vert berre laga på nasjonalt nivå.
930 - Seksjon for nasjonalregnskap
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Varekonsumindeksen har vorte publisert frå januar 1998. Indeksen måler utviklinga i hushalda sine kjøp av varer, både varige og ikkje-varige. Ein nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen. Varekonsumindeksen kan difor tolkast som ein indikator for hushalda sine varekjøp.
Ein av grunnane til at varekonsumindeksen vart etablert, skyldast ei omlegging av detaljomsetjingsindeksen. Frå og med 1996 vart detaljomsetjingsindeksen publisert etter ny standard for næringsgruppering. Overgangen til den nye næringsstandarden førte til at detaljomsetjingsindeksen ikkje lenger inkluderte sal frå bensinstasjonar og sal av motorkjøretøy. Frå brukarhald kom det ynskje om å få ein varekonsumindikator som i tillegg til detaljomsetjingsindeksen kunne ta omsyn til omsetjing av bensin, bilar og motorsyklar. Hushalda sitt forbruk av elektrisk kraft og fyringsolje vart òg inkludert i varekonsumindeksen.
Varekonsumindeksen, som vert utarbeida ved Seksjon for nasjonalrekneskap, er ein volumindeks. Den vert publisert både sesongjustert og ujustert i slutten av kvar månad saman med detaljomsetningsindeksen.
Statistikken vert i stor grad nytta av offentlige aktørar (departementa, Noregs Bank m.m.) samt finans- og analysemiljøa.
Varekonsumindeksen måler utviklinga i norske hushald sine kjøp av varer, både varige og ikkje-
varige. Indeksen dekkjer ikkje hushalda sine varekjøp i utlandet, som til dømes grensehandel.
Den viktigaste kjelda for å utarbeide varekonsumindeksen er opplysningar om detaljomsetjingsindeksen etter næring. Kjøp av motorkøyretøy vert utvikla ved hjelp av
Opplysningsrådet for vegtrafikk sine opplysningar om førstegongsregistrerte personbilar, medan petroleumsstatistikken vert nytta som kjelde for kjøp av bensin og fyringsoljer. Hushalda sitt konsum av elektrisitet vert fyst estimert ved hjelp av Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk, og seinare bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin månadlege elektrisitetsstatistikk.
Ikkje relevant.
Varekonsumindeksen nyttar berre offisielle statistikkjelder og har ingen eigen datainnsamling.
Ikkje relevant.
Ein legg til grunn dei same metodane og definisjonane når ein lagar varekonsumindeksen som når ein bereknar hushalda sitt varekonsum i det kvartalsvise nasjonalregnskapet (KNR).
Den generelle formelen for å berekne konsumet av ei varegruppe i laupande prisar er:
1) 
der
VCim er konsumet av varegruppe i, månad m i laupande priser
VCibasisår er konsum av varegruppe i i basisåret
Iim er "detaljomsetningsindeks" vekta saman for varegruppe i, månad m
Formel 1 definerar konsumet i laupande prisar og vert nytta for alle konsumgrupper der detaljomsetningsindeksen er kjelde. Indeksen for gruppe i vil normalt være ei samanvekting av ulike detaljerte næringsindeksar som ein får frå detaljomsetningsindeksen. Samanvektinga er basert på informasjon frå avanseundersøkinga og tek utgangspunkt i kor mykje av den enkelte varegruppa som er kjøpt i ulike næringar (butikktypar). Konsumet i faste prisar finn ein ved å deflatere med konsumprisindeksen for tilsvarande konsumgruppe:
2) ![]()
der
Cim er konsumet av varegruppe i, månad m i faste priser
KPIim er konsumprisindeksen for konsumgruppe i, månad m
Volumindikatorar som inngår i berekningane, vert bruk på same måten som detaljomsetningsindeksen. Formelen kan skrivast:
3) 
der
Cim er konsumet av varegruppe i, månad m i faste priser
Xim er volumindikatoren (f.eks. tall på biler) for konsumgruppe i, månad m
Totalt varekonsum i faste priser er definert som summen av fastpristala for alle dei ulike konsumgruppene:
4) ![]()
Resultata frå formel 4 vert deretter brukt for å lage indeksserien.
Månadleg konsum av ei konsumgruppe målt i laupande eller faste priser vert altså utrekna ved å ta utgangspunkt i nivået på ulike konsumgrupper i basisåret og utvikle desse med relevante indikatorar. Det betyr at det er samansetninga av varekonsumet i basisåret som dannar utgangspunkt tala i dei ulike månadane. Sidan berekningsopplegget for varekonsumindikatoren er så nær knytt til kvartalsregnskapet, har vi valt å bruke same basisår for kvartalsregnskapet og varekonsumindikatoren. Basisåret vert oppdatert kvart år.
Fastpristala som dannar utgangpunktet for varekonsumindeksen vert ikkje avstemt mot nasjonalregnskapet sitt nivåtal på årsbasis. Det betyr at summen av fastpristala for 12 månader ikkje tilsvarar nasjonalrekneskapen sitt nivå på årsbasis for ei gitt varegruppe. Grunnen til at vi har valt dette, er at det er sesongmønsteret i indeksen vi er mest interessert i. Dersom ei serie må avstemmast over årsskifta, kan vi miste noko av det opphavlege sesongmønsteret som ein har i indikatoren. Varekonsumindikatoren vil på bakgrunn av dette ikkje verte publisert som nivåtal (i faste priser), men berre verte publisert som ein indeksserie.
Varekonsumindeksen vert sesongjustert etter dei same metodane som nyttast i det kvartalsvise nasjonalregnskapet. Den er justert både for kalender- og normale sesongeffektar. Kalendereffektane omfattar korrigeringar for både for handledagar og for påske.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
ed utarbeidinga av varekonsumindeksen ligg den internasjonale konsumklassifikasjonen COICOP (Classification of Individual Consumption by Purpose) til grunn.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Indeksen har vore publisert sidan januar 1998.
Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen, som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit meir omfattande innhald. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.
Ikkje relevant.
2010 © Statistisk sentralbyrå