5504_om_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
5504_om
statistikk
2017-07-28T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
false

Opna konkursar2. kvartal 2017

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Opna konkursar
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets utvikling

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Alle juridiske objekt, det vil seie alle typar firma og einskildpersonar som har uteståande fordringar og som per definisjon er insolvent, kan slåast konkurs. Insolvens er definert som: "Når ein ikkje kan oppfylle plikter etter kvart som de forfell". Unntak frå dette er dersom betalingsinkompetansen er av forbigåande art.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)

Standard for organisasjonsform

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

For hele landet, alle fylker og alle kommuner

Kor ofte og aktualitet

Hyppighet: Kvartal og månad

Aktualitet : Månadleg konkursstatistikk byggjer på tal frå Konkursregisteret i Brønnøysundregistera (BR) som SSB tar imot den 17. i kvar månad. Fila inneheld talet på konkursar frå og med den 15. førre månad til og med den 15. inneverande månad. Dataa blir arbeida til slik at fila inneheld data for ein hel månad. Månadstal blir publisert i tabell 07218, 08551 og 09695 i Statistikkbanken. Talet på tvangssal kravd i fast eigedom og lausøre, og tinglyste utleggsforretningar tar vi imot frå BR kvar månad. Desse blir òg publisert i tabell 07218.

Kvartalsvis publisering byggjer på månadlege tal som kvar månad blir tatt imot frå Konkursregisteret i BR, og blir publisert i slutten av månaden etter at kvartalet er slutt. Kvartalstal blir lagt inn i Statistikkbanken.

Internasjonal rapportering

Data inngår i leveransen til OECD og blir rapportert frivillig til Eurostat. 

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om einingane blir lagra mellombels i programspråket SAS, og blir lagra i lang tid som tekstfil, ei hovudfil som blir fylt opp med nye data kvar månad. Statistikkbanken blir ajourført kvar månad og kvart kvartal.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å publisere ei oversikt over konkursar i Noreg, samt å gi ei fordeling av opna konkursar etter fylke, næring, organisasjonsform, talet på sysselsette, omsetning og storleiken på aksjekapitalen.

Totale tal for konkursar finn ein tilbake til 1920 (NOS). Konkursar for einskildnæringar finn ein tilbake til 1929. Tilgjengelege data i database for konkursstatistikken finn ein frå 1981.

Opplysningar om opna konkursar baserer seg hovudsakleg på informasjon som skifterettane eller bustyra rapporterer til Konkursregisteret i BR. Før Konkursregisteret blei oppretta, var hovudkjelda Lausøyreregisteret, også dette ein del av BR.

Frå 1995 gjør materialet frå BR det mogleg å identifisere personlege konkursar. Frå same år byggjer næringsfordelinga på ny næringsstandard, SN94. Ved næringsgruppering etter SN2007 av føretakskonkursar blir SSBs Verksemd- og føretaksregister nytta.

Konkursdataa frå BR blir supplert med opplysingar frå Verksemd- og føretaksregisteret, Einingsregisteret og Momsregisteret.

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikken er mellom anna finansnæringa, forskingsinstitusjonar og media.

Likebehandling av brukere

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikklovens §3-2

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Konkursstatistikken omfattar alle opna konkursar i Noreg. Opplysningar om opna konkursar baserer seg hovudsakleg på informasjon som skifterettane eller bustyra rapporterar til Konkursregisteret i BR. Personlege konkursar omfattar opna konkursar for einskildpersonføretak og lønnstakarar. I praksis betyr dette at dersom konkursdebitor ikkje er registrert i Føretaksregisteret i BR eller er eit einskildpersonføretak, blir dei gruppert som lønnstakarar. Føretakskonkursar blir definert som opna konkursar i føretak som er registreringspliktige i Føretaksregisteret i BR, og ikkje er einskildpersonføretak.

Datakjelder og utval

Opplysningane er basert på informasjon frå Konkursregisteret i BR.

Datainnsamling, editering og beregninger

Dataa blir overført elektronisk frå Konkursregisteret i BR den 17. i kvar månad.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

I de tabellane som inneheld omsetningsverdi, er omsetningsverdien undertrykka (prikka ut) dersom talet på konkursar er oppgitt til 3 eller færre.

Samanlikningar over tid og stad

Det er laga seriar tilbake til 1920. Konkursar for enkelte næringar finn ein tilbake til 1929. Tilgjengelege data i database eksisterer frå 1981. I Statistikkbanken er data tilgjengelege frå 1. kvartal 1999, og årlege tal på konkursar frå 1980.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

SSB føreset at opplysningane om konkursane som kjem frå Konkursregisteret i BR er korrekte. Det køyrast dublettkontrollar.

Revisjon

Ikkje relevant