Fleire nye føretak

Publisert:

I 4. kvartal 2017 vart det registrert 15 274 nye føretak. Samanlikna med 4. kvartal 2016 er dette ein auka på 5,9 prosent.

Av dei nye føretaka var det 57 prosent einskildpersonføretak og 40 prosent aksjeselskap. Talet på nye einskildpersonføretak gjekk opp med 9,7 prosent frå 4. kvartal 2016 til 4. kvartal 2017. I same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) opp med 2,1 prosent.

Størst auka i abslutte tal var det i Akershus og Rogaland. Samanlikna med 4. kvartal i 2016 vart det registrert 148 fleire nye føretak i Akershus og 146 i Rogaland. Den største prosentvise auka var i Nordland, Finnmark og Vestfold med høvesvis 27,9, 17,5 og 16,3 prosent.

Figur 1.Tal på nye føretak unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene, etter organisasjonsform, tid og statistikkvariabel

Nye føretak
4. kv. 2008 11707
4. kv. 2009 11795
4. kv. 2010 12507
4. kv. 2011 11759
4. kv. 2012 12567
4. kv. 2013 13236
4. kv. 2014 13657
4. kv. 2015 14264
4. kv. 2016 14429
4. kv. 2017 15274

Tala omfattar alle nye føretak utanom primær næringane og offentleg forvaltning.

Kontakt