Fleire nye føretak

Publisert:

I 1. kvartal 2017 vart det registrert 17 559 nye føretak. Samanlikna med 1. kvartal i 2016 er dette ein auke på 5,9 prosent.

Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (18 prosent), byggje- og anleggsverksemd (15 prosent) og varehandel (12 prosent).

  • Fleire tal og tabellar i statistikken Føretak

Av dei nye føretaka i 1. kvartal 2017, var det 56 prosent einskildpersonføretak og 42 prosent aksjeselskap. Samanlikna med same periode året før, auka talet på nye aksjeselskap med 9 prosent og talet på einskildpersonføretak auka med 4 prosent.

Figur 1. Nye foretak unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene
Figur 1. Nye foretak unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene
Nye foretak
1. kv. 2008 14039
1. kv. 2009 12049
1. kv. 2010 13445
1. kv. 2011 14477
1. kv. 2012 16279
1. kv. 2013 14739
1. kv. 2014 16302
1. kv. 2015 16148
1. kv. 2016 16574
1. kv. 2017 17559

I 1. kvartal 2017 vart det registrert 3 666 nye føretak i Oslo. Samanlikna med 1. kvartal i 2016 er dette ein auka på 9 prosent.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Kontakt