Fleire konkursar

Publisert:

Talet på konkursar held fram å auke. Det vart opna drygt 1 360 konkursar i 2. kvartal i år, 21 prosent fleire enn i det same kvartalet i fjor.

Den største prosentvise veksten finn vi i Buskerud med 51 prosent fleire konkursar. Statistikken over konkursar syner dessutan at Akershus og Oppland hadde ein auke på 50 prosent kvar. Oppgangen i absolutte tal var størst i Akershus med 52 fleire konkursar enn i 2. kvartal 2017.

Nærare 1080 av konkursane var føretakskonkursar, unnateke einskildpersonsføretak. 25 prosent av desse føretaka dreiv innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner, medan 24 prosent var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Dei resterande 285 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar. 40 prosent av dessa konkursane finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det vart opna meir enn 2 660 konkursar i dei seks fyrste månadane i år. Dette er 12 prosent fleire enn i den same perioden i 2017.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

4. kv. 2005 1. kv. 2006 2. kv. 2006 3. kv. 2006 4. kv. 2006 1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2209 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2.kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1.kv.2017 2. kv. 2017 3. kv. 2017 4. kv. 2017 1. kv 2018 2. kv 2018
Føretakskonkursar 438 505 451 479 517 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935 877 733 910 1020 1076
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 227 340 238 231 271 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319 247 220 316 281 285

 

Kontakt