Einskildpersonføretak og aksjeselskap i fleirtal

Publisert:

Aksjeselskap og einskildpersonføretak var dei selskapsformene som dominerte også i 2014 og toppar kvar sine lister i føretaksstatistikken.

Føretak, omsetning og sysselsetting

Til tabellen

Av dei 441 510 aktive føretaka som verka i Noreg i 2014, var nær halvparten einskildpersonføretak. Dette var selskapsforma med flest føretak, 215 093 i talet. Av aksjeselskap kunne ein notere om lag 20 000 færre føretak, men desse stod til gjengjeld for over tre fjerdedelar av sysselsettinga om ein ser bort frå føretak innan offentleg forvaltning.

foretak-2016-09-23-01

Færrast sysselsette i sør og nord

Av føretaka som var inkludert i statistikken i 2014, var 35 276 registrert i Rogaland. Desse hadde ei total omsetning på til saman 1 568 milliardar kroner. Deretter kom føretak registrert i Oslo med ei omsetning på 1 253 milliardar kroner. Desse sysselsette godt over dobbelt så mange personar som føretak registrert i Rogaland, høvesvis 509 928 mot 208 255. Nedst på fylkeslista med færrast sysselsette låg føretak i Aust-Agder med 27 463 og Finnmark med 19 625.

Energi i kvar krone

Bergverksdrift og utvinning var ei næring med ei beskjeden mengde føretak på landsbasis i 2014. Av dei 441 510 føretaka som statistikken omfattar, sokna berre 1 115 til gruvene og boreriggane. Dei drygt tusen aktørane omsette likevel for ein betydeleg sum: 1 259 milliardar kroner. Føretak innan forsyning av elektrisitet, gass, damp og varmtvatn hadde ei omsetning på 112 milliardar kroner.

Tener ikkje pengar som gras

Like lukrativt var det ikkje ved Noregs kulturinstitusjonar og idrettsanlegg. Dei noe over 22 500 føretaka innan kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar omsette for totalt 60 milliardar kroner i 2014. Heller ikkje primærnæringane dyrka opp dei største pengesummane dette året, kvart føretak omsette for 1,8 millionar kroner. Jordbruk, skogbruk og fiske var likevel næringshovudområdet med flest føretak i landet: 70 000 i talet. Andelen einskildpersonføretak låg her på 89 prosent. Til samanlikning var andelen 23 prosent i bergverksdrift og utvinning.

Varehandel dominerer framleis

Varehandel og reparasjon av motorvogner var næringshovudområdet med flest sysselsette i Noreg i 2014. 368 873 arbeidsfolk møtte opp på jobb i butikkane og verkstadene, og i snitt sysselsette kvart av føretaka innan næringa i overkant av sju personar. Bransjen hadde også den høgaste totale omsetninga av alle målt i absolutte tal, med eit kronebeløp på nærare 1 485 milliardar.