Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningsstatistikk, 6. termin 2011

Omsette for 23 milliardar i 2011

Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var om lag 23 milliardar kroner i 2011. Det er ein vekst på 7,3 prosent samanlikna med året før. I november og desember åleine vart det omsett for 3,9 milliardar kroner, 2,2 prosent meir enn i same termin i 2010.

Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd. Millionar kroner

Bedriftene som driv med sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning, hadde ei omsetning på 8,9 milliardar kroner i 2011. Det er ein auke på 3,8 prosent samanlikna med 2010. I 6. termin 2011 hadde desse bedriftene ei omsetning på 1,6 milliardar kroner, ein nedgang på 1,9 prosent frå same periode året før.

Bedriftene som arbeider med innsamling av ikkje-farleg avfall, hadde ei omsetning på nær 8,4 milliardar kroner i 2011, ein auke på 16,5 prosent samanlikna med 2010. I 6. termin 2011 hadde desse bedriftene ei omsetning på 1,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 10,1 prosent samanlikna med same termin året før.

Tabeller


Frigitt 17. april 2012 © Statistisk sentralbyrå