Nøkkeltal for kommunane blir publisera i samband med KOSTRA - publisering for urevidera tal (15. mars) og oppretta tal (15. juni) kvart år.
Tal blir publisert på nasjonalt og regionalt nivå (fylke og kommune) og ettergrupper av samanliknande kommunar (sjå kapittel 4.2).
220 - Seksjon for miljøstatistikk
Opplysningane blir samla inn av Statistisk sentralbyrå på vegne av SFT i medhald av Lov om vern mot forureiningar og om avfall av 13. mars 1981 nr. 6. Statistisk sentralbyrå vil i medhald av lov av 16. juni 1989 nr 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 samtidig nytte opplysningane til utarbeiding av offisiell statistikk.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
KOSTRA starta som prosjekt i 1995 med føremål å skaffe meir relevant og aktuelt datagrunnlag for å måle ressursinnsats, prioritering og måloppnåing i kommunar og fylkeskommunar. Det er eit føremål å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten samt å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. Talla på kommunar og fylkeskommunar blei skrittvis økt fram til rapporteringsåret 2001, som var det første året der alle var med i KOSTRA.
KOSTRA statistikken over avlaup gjev informasjon om talet på avlaupsanlegg, reinsekapasitet, reinsemetode, tilknytingsgrad, slamdisponering m.m. Økonomisk statistikk for kommunalt avlaup har som føremål å produsere landstall for økonomien i sektoren (investeringar, kostnader og inntekter), samt å vise forholdet mellom gebyrinntekter, årlege kostnader og gebyrsatsar for den enkelte kommune
KOSTRA gir styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølv og for statlige styringsorgan og andre sentrale brukarar.
Data vert samla inn frå alle kommunane i landet (fullteljing).
KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering).
Ikkje relevant.
Data frå kommunar rapporterast elektronisk til SSB. Rapportering skjer ein gong i året, og frist for rapporterting er 15. februar.
Data kontrollerast før innsending ved hjelp av kontroller i elektroniske skjema. Data kontrollerast også dels automatisk og dels manuelt ved mottak.
Kommunane har frist 15. april for å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Revisjon skjer også i regi av SSB. SSBs kontroll- og revisjonsopplegg for KOSTRA er under konstant utvikling, og elektroniske revisjonsapplikasjonar er i bruk.
Data blir publisera på ulike nivå, som grunnlagsdata og indikatorar. Grunnlagsdata ofte rapportert som absolutte tall og vil i stor grad være tal einingar summera over ein periode eller per ein bestemt teljedato. Indikatorar derimot er ofte forholdstal (grunnlagsdataa sett i forhold til kvarandre, til brukargrupper o.l.). For indikatorane vises i tillegg gjennomsnitt for kommunegrupper, fylket, fylkesregionen eller landet. Det er nytta veid gjennomsnitt for dei fleste indikatorane. For indikatorar i absolutte tall er aritmetisk gjennomsnitt nytta. For nokre indikatorar, bl.a. ja/nei spørsmål, er det ikkje angitt gjennomsnitt. Landsgjennomsnitt er gitt både med og utan Oslo. Dette er bl.a. grunna i at Osloregnskapet omfattar både kommunale og fylkeskommunale funksjoner, slik at tallene ikkje alltid kan samanliknast.
Berekningar av belastning
Sidan relativt mange avlaupsanlegg ikkje føretek direkte målingar av belastning og utsleppsmengder, nyttar ein i stor utstrekning standardfaktorar i berekningane av total belastning for fosfor.
For kommunale avlaupsanlegg (50 pe eller meir) vert følgjande metode nytta (Statistisk sentralbyrå 20021 ):
1. Dersom anlegget har gitt opp utsleppsmengd i kilogram per år vert desse opplysningane nytta direkte.
2. Dersom anlegget ikkje har gitt opp utsleppsmengde, men har rapportert utlaupskonsentrasjonar og middel vassmengde gjennom anlegget i rapporteringsåret, vert utsleppsmengda utrekna i kilo per år ved fylgjande formel:
(konsentrasjon (mg/l) x middel vassmengde (m3/døgn) x 365) / 1000
3. Dersom målingar ikkje finns, vert belastninga utrekna ved å multiplisere personar knytte til avlaupsanlegget og standard faktor for gjennomsnittleg belastning per person (1.6 gram fosfor per person per dag):
personar knytte til avlaupsanlegget x 1.6 (g P /dag x person) x 365 / 1000
Utrekningar av disponert avlaupsslam
Rapporteringa av 2005 og 2006 tall på disponerte slammengder er noko annleis i høve til dei øvrige åra. Skilnaden er at ein for desse to åra har rapportert mengd slamprodukt og tilhøyrande tørrstoffprosent, mens ein i alle øvrige år har direkte rapporterte mengd slamtørrstoff. For då å kunne rekne ut mengd slamtørrstoff i 2005 og 2006 trong ein difor prosentvis innhald tørrstoff i slammet (TS%). I dei tilfella tørrstoffprosenten ikkje var rapportert for dei disponerte slammengdene, er fylgjande metode nytta:
1. Dersom det er rapportert tørrstoffprosentinnhald for produserte slamprodukt ved anlegget, men ikkje for disponerte mengder, er prosentsatsen for produserte slamprodukt nytta.
2. Dersom det korkje er rapportert tørrstoffprosentinnhald for produserte slamprodukt eller disponerte slammengder, er tørrstoffinnhaldet i slammet estimert til 25 prosent.
Berekningar av alder på leidningsnett
Berekningar av alder på leidningsnett på landsnivå i artikkelen - Dagens statistikk (DS) - er justert for leidningsnett av ukjent alder (ikkje spesifisert til tidsperiode). Leidningsnett er i desse tilfella fordelt utover ved prosentfordelinga 50, 20, 20 og 10 på hhv. periodane (1) før 1940, (2) 1940-59, (3) 1960-79 og (4) 1980 eller seinare. Vidare kan dei kommunane som ikkje har rapportert leidningsnett sist år kan ledningsinfo være imputera (erstatta med tidligare års data). Desse korrigeringane har altså berre innverknad på alderen presentera i artikkelen, medan andre tal på alder til leidningsnettet i Statistikkbanken og i Faktaark er berre basert på tal frå årets rapportering og på den delen av leidningsnettet som er av kjent opphav med omsyn til alder.
Ikkje relevant.
Sjølvkostgrad = (Gebyrinntekter) / (Gebyrgrunnlag + avsetninger/dekning - bruk/fremføring) X 100
Dei 431 kommunane er gruppera i 16 grupper, etter folkemengde og økonomiske rammevilkåra. Grupperingen er basert på rapporten: Gruppering av kommunar etter folkemengde og økonomiske rammevilkår 2003. Rapport 2006/8, Statistisk sentralbyrå
Kontrollane i dei elektroniske skjemaa, i konverteringsprogramma for filuttrekk og i mottaket i SSB gir ein automatisk og rask tilbakemelding til den som rapporterar. Erfaring viser at dette minskar feilrapporteringa i forhold til tidligare papirrapportering. Det vil kunne knytast noko uvisse til sjølve målingane som utførast ved anlegga. Generelt er data som rapporterast frå Nordsjøområdet sikrare enn for resten av landet, hovudsakelig på grunn av strengar krav til anlegg og utslepp for dette området.
Størst uvisse er knytt til eventuelle manglar og feil i data som kommunane rapporterer. Ein del anlegg og kommunar har ha hatt mangelfull rapportering i fleire år, noko som gjør det vanskelig å avdekke feil og manglar ved samanlikning med tidligare rapporterte data. Det knytte seg blant anna uvisse til registreringa av år for oppstart, utviding og eventuelt nedlegging for ein del anlegg, noko som igjen kan påverke kvaliteten på utsleppstalla i enkelte fylke. Dette medfører usikkerheit omkring kva for anlegg som faktisk er i drift. Dette vil igjen kunne innverke på usikkerheita for de fylkesvise utsleppstala, og omfattar berekningar av reinsegradar og totale utslepp av nitrogen og fosfor.
Manglande rapportering av anlegg eller einskilde parametrar i skjemaet kan i nokre tilfeller skape usikkerheit i statistikken. I visse tilfeller betyr det frå rapportørens side at anlegget er nedlagt, mens det i andre tilfeller igjen betyr at anlegget framleis er i drift, men data for anlegget ikkje er rapportert. Det jobbast derfor kontinuerlig med å få fjernet anlegg som er nedlagt frå statistikken, samt supplere manglande rapporterte anlegg som av ulike grunner ikkje har blitt rapportert gjennom KOSTRA.
Enkelte kommunar har også auka rapporteringsgrensa frå 50 pe til opp mot 70 pe for å lette rapporteringsbyrda. Omfanget av denne praksisen reknast derimot ikkje å være stort nok til å verke inn på dei totale utsleppstalla.
Ikkje relevant.
Eventuelle feil vil også kunne oppstå under revisjonsprosessen. Revisjonsprosessen er ein nødvendig kvalitetsgjennomgang av innrapportera data, men det hindra ikkje at feil ikkje kan oppstå også i sjølve revisjonsprosessen. Det gjeld blant anna i dei tilfella kor ein brukar tal frå tidlegare år ved manglande rapportering og eventuelle andre føretekne endringar i datamaterialet.
Det herskar ofte større usikkerheit omkring data for små reinseanlegg (anlegg < 50 pe) enn for store anlegg (anlegg > 50 pe). Nokre kommunar manglar full oversikt over små anlegg. Dette gjeld særleg tal på innbyggjarar fordelt på ulike reinsetypane. For nokre kommunar vil derfor tala kunne basere seg på ein "kvalifisert gjetnad" og enkle berekningar. Dette vil kunne medføre noko aka usikkerheit i dei endelige tala, men vil samstundes være naudsynt for å kunne generere landstall.
Samanlikning over tid vil være redusert ved at fleire anlegg som har eksistert ein tid først har blitt lagt inn i databasen de siste årene. Dette gjelder i første rekke mindre anlegg utan reinsing. Omlegginga av rapporteringssystemet frå SSB-Avløp til SESAM og seinare frå SESAM til KOSTRA kan også ha vært med på å redusere samanlikningsgrunnlaget mellom statistikken i overgangsåra.
Eit problem som heng igjen, er at anlegga til tider blir rapportert med ulike anleggsnummer frå år til år. Dette har betra seg ein del den siste tida bl.a. som følgje av fleire faste opplysningar er lagt inn i skjema på førehand.
Rapportering av disponering av avløpsslam har vore gjennomført på dels ulike måtar etter at KOSTRA overtok som rapporteringskanal. For 2004 ble disponering forsøkt rapportert på kommunenivå, men for 2005 rapporteringa ble det gått tilbake til rapportering per behandlingsanlegg.
Kategorien deponert ble tatt ut som egen disponeringskategori i KOSTRA-rapporteringen for 2003. Bakgrunnen var et generelt forbod mot deponering av våtorganisk avfall, inkludert avlaupsslam, gjennom dåverande Forskrift om deponering av avfall (Miljøverndepartementet 2002). Forbodet er nå vidareført i den nye avfallsforskrifta (Miljøverndepartementet 2004), men sidan det framleis førekjem deponering av avløpsslam, blei kategorien tatt inn igjen i rapporteringa i 2004 for å fange opp desse mengdene i statistikken. Desse endringane i rapportering, i tillegg til at kvaliteten på data som er rapportert har vore varierande kvalitet, har medført ein viss usikkerheit i tala.
Statistikken har samanheng med annan statistikk over utslipp til vann. Saman med utsleppsberekningar for fosfor og nitrogen frå jordbruk, industri og akvakultur, inngår avlaupsstatistikken blant anna i dei årlige nasjonale utsleppberekningane. Resultatet blir presentera i ein rapport i det statlege programmet for forureiningsovervaking, den såkalla TEOTIL-rapporten, etter namnet på utslippsmodellen.
Statistikken over avløpsgebyr har også samanheng med anna statistikk: Kommunale gebyr, Omsetningsstatistikk for avlaups- og renovasjonsverksamheita, Avlaup og renovasjonsverksemd (strukturstatistikk), Kommunalt avløp - utslipp og rensing og KOSTRA - Kommunal vassforsyning.
Rapportar på avlaupsområdet ligg tilgjengelig på SSBs Internettsider: http://www.ssb.no/emner/01/04/20/
Dagens Statistikk: http://www.ssb.no/var_kostra/
Grunnlagsmaterialet lagrast som tekstfiler. Revidert datasett blir lagra i Oracle-basar i SSB. Reviderte data blir òg lagra hos Statens forureiningstilsyn (SFT).
2010 © Statistisk sentralbyrå