16329_om
statistikk
2009-09-03T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere
no
true

Stortingsvalet, personar med røysterett2009

Innhald

Om statistikken

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Stortingsvalet, personar med røysterett
Emne: Valg

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for befolkningsstatistikk

Regionalt nivå

Utrekna tal: Fylke. Utanlandske statsborgarar og norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn på fylkesnivå.
Endelege tal: Dei røysteføre fordelt på valkrins, verdsdelar og fylke.

Kor ofte og aktualitet

Kvart fjerde år (valår).

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Datafil vert langtidslagra i SSB

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å gje eit utrekna tal før mengda personar som har røysterett ved det komande stortingsvalet. Dette har vore gjort sidan 2001. Like føre valet vil me ha det eksakte talet på røysteføre.

Brukarar og bruksområde

Vert nytta av kommunar og fylkeskommunar, media og valforskarar før å planleggja arbeidet med det føreståande valet.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikklova §§ 2-1, 2-2, 3-2 (Skjema/register)

EU-regulering

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Alle røysteføre til stortingsvalet.

Datakjelder og utval

Statistikken etter 1970 byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til lova. Folkeregistra får melding om fødslar, dødsfall, giftemål, skilsmål, flyttingar med vidare frå ulike kjelder.

Det sentrale personregisteret (DSP) blei bygt opp i åra 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes med at det 11-sifra fødselsnummeret vart innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som var med i folketeljinga og seinare alle som har vore busette i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 tok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet over som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og tidlegare DSP). Kontoret blei overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet i 1991. Oppdateringane i Det sentrale folkeregister blir gjorde dels ved dei lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminaler, dels sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer dessutan ein eigen befolkningsdatabase til statistikkformål i Statistisk sentralbyrå. Denne befolkningsbasen dannar grunnlaget for statistikken over samansetjinga i befolkninga.

Datagrunnlaget for dei endelege tala får SSB oversendt frå distributøren til Skattedirektoratet SKD (EDB Business Partner) like føre valet.

Datainnsamling, revisjon og berekningar

Frå januar 1998 er meldingar (elektroniske kopiar) blitt overførde dagleg frå DSF til SSB, tidlegare månadleg. Før mai 1995 tok SSB imot meldingane på magnetband kvar månad.

Det er tidlegare års datafiler som vert nytta for å rekna ut endringar frå utrekningstidspunktet fram til valet, vil grannsemda vera knytt til kor bra desse tala samsvarar med røyndomen.

Utgangspunktet er ei datafil frå befolkningsstatistikken, dei som er busette. Mengda røysteføre nordmenn busett i utlandet. Mengda døde, utvandra, innvandra og statsborgarskapsendringar frå førre årets befolkningsdatafiler. Fødelandsfila for å rekna ut mengda norske statsborgarar med innvandraropphav.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Tilsvarande statistikk attende til 2001.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Manntal: Oversikt over mengda røysteføre. I manntalsforslaget vil røysteføre verta manntalsførrdei den kommunen dei var registrert busett pr. 30. juni i valåret. Personar som flyttar etter 30. juni, kan krevja seg innførd i manntalet i den nye kommunen.
Personar med røysterett: Vallova § 3, jf. Grunnlova §§ 50 og 53 setter opp fylgjande vilkår for røysterett ved stortingsval:

a) Manntalsførd i kommunen

b) Norske statsborgarar, jf. lov om norsk riksborgarrett av 8. desember 1950

c) Alder 18 år oppnådd innan utgongen av valåret

d) Norske statsborgarar som har over 10 års registret samanhengande utanlandsopphald bak seg må søkja om å verta manntalsførde.

e) Røysteretten må ikkje vera tapt, jf. Grunnlova § 53

Røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn: Under denne kategorien kjem både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Innvandrarar er personar født i utlandet av utanlandsfødde foreldre. Norskfødde med innvandrarforeldre er personar som er født i Noreg av to utanlandsfødde foreldre, og som har fire besteforeldre som er fødd i utlandet.

Standard klassifikasjonar

Standard for landgruppering Standard for fylkesinndeling

Feilkjelder

Feilkjelder og uvisse

Dei utrekna tala grunna i uttak frå befolkningssystemet i mars/april valåret. Tal på kor mange som vil få innvilga røysterett på grunn av statsborgarskapsskifte grunna i fjorårets datamateriale. Det same gjeld før mengda døde i perioden fram til valet. Estimatet for mengda røysteføre er knytt til avvika frå fjorårets tal, dess større avvik dess større vil feilmarginane verta. Særskild gjeld dette mengda innvilga norske statsborgarskap, då desse tala kan variera mykje.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?