Nøkkeltal |
| Valdeltaking |
| Kommunestyreval 2007 | 61,2 % |
| Stortingsval 2009 | 76,4 % |
| Partioppslutning |
| |
Kommunestyre-
val 2007 |
Stortings-
val 2009 |
| Ap |
29,6 % |
35,4 % |
| FrP |
17,5 % |
22,9 % |
| H |
19,3 % |
17,2 % |
| KrF |
6,4 % |
5,5 % |
| Sp |
8,0 % |
6,2 % |
| SV |
6,2 % |
6,2 % |
| V |
5,9 % |
3,9 % |
| RV |
1,9 % |
1,3 % |
| Andre |
5,3 % |
1,4 % |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
Tema  |
| Val |
|
I Noreg er det val til både Stortinget og Sametinget, og kommunestyre og fylkesting kvart fjerde år. Valperiodane er ordna slik at det er to år mellom kvar gong det er val. Ved stortingsval er det i hovudsak
registrerte parti som stiller til val, medan det er eit stort innslag av lokale lister ved kommunestyre- og fylkestingsvala. Sametingsval vert halde same år som stortingsval.
Oppslutninga ved stortingsval har alltid vore høgare i høve til lokalval. Ved stortingsvalet i 2009 var valdeltakinga på 76,4 prosent - eit prosentpoeng lågare i høve til 2005. Samstundes har berre tre stortingsval etter den andre verdskrigen hatt lågare eller same valdeltaking. Noreg ligg òg under dei fleste nordiske landa i valdeltaking. Ved siste parlamentsval låg Danmark på 86,6 prosent, Island på 85,1 og Sverige på 82 prosent. Berre Finland ligg under Noreg med 65 prosent.
Folkerøystingar har historisk hatt høgare tilslutning enn stortingsval, med ein rekord på 89 prosent i 1994 da Noreg røysta nei til EU-medlemskap. Valdeltakinga ved kommunestyrevala har vore jamt dalande sidan byrjinga på 1960-åra, unnateke av ein liten auke i 1979 og no sist i 2007. Ved fylkestingsvala har deltakinga minka ved kvart einaste val sidan 1975. Det sjette sametingsvalet i 2009 hadde ei valdeltaking på 69,3 prosent - ein nedgong på 3,3 prosentpoeng i høve til valet i 2005.
Kvinnerepresentasjonen ved kommunestyre- og fylkestingsval har vore jamt stigande, og nådde ein førebels topp ved valet i 2007. I kommunestyra er 38 prosent av representantane kvinner, medan det etter stortingsvalet i 2009 er 40 prosent innvalde kvinner på Stortinget. Dette gjer det noverande Storting til det med høgast mengd kvinner nokosinne. I Europa er det berre Sverige som har høgare del kvinner i nasjonalforsamlinga i høve til Noreg. I Sametinget er 49 prosent av representantane kvinner.
|
-
Ved stortingsvalet i 1977 var Arbeidarpartiet og Høgre landets største parti, med ei oppslutning på 42,3 og 24,8 prosent. I åra etter har begge partia gradvis mista oppslutning, medan Framstegspartiet har vorte større. Etter stortingsvalet i 2009 var Framstegspartiet det nest største partiet med 22,9 prosent av røystene, men i kommunevala ligg Framstegspartiet framleis noko under Høgre i oppslutning.
|
-
Færre nordmenn er medlem av politiske parti. I 1980 var 21 prosent av mennene og 12 prosent av kvinnene medlemmer av politiske parti. I 2004 var tala 9 og 6 prosent.
|
-
3 609 300 personar hadde røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007. Ikring 280 000 av desse hadde innvandrarbakgrunn.
|
-
Dei politiske partia fekk tre firedelar av inntektene sine frå det offentlege i mellomvalåret 2008 og ein femdel frå partias eiga verksemd. Private stønadsytarar stod for under 4,5 prosent, medan stønad frå ulike organisasjonar utgjorde i overkant av tre prosent av inntektene til partia.
|
-
I alt seks nasjonale folkerøystingar har vorte haldne i Noreg. I 1905 sa nordmenn ja til unionsoppløysinga med Sverige og same år ja til Prins Carl (Haakon) som norsk konge. I 1919 røysta folket ja til innføring av brennevinsforbod, men avskaffa det i avrøystinga i 1926. Både i 1972 og i 1994 røysta Noreg nei til EU-medlemskap.
|
-
Frå 1970 til 2008 har det i alt vorte haldne 666 lokale folkeavrøystingar i norske kommunar. Talet har gått betydeleg ned dei siste to tiåra. I alt 1 500 000 røysteføre har delteke ein eller fleire gonger i desse avrøystingane.
|
-
Arbeidarpartiet fekk flest ordførarar etter kommunestyrevalet i 2007 med 179. På plassen bak følgjer Senterpartiet med 83 og Høgre med 75. 29 av ordførarane tilhørte vallister som ikkje var frå dei etablerte partia.
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
|
Nyaste artikler med tabellar
Kommunestyre- og fylkestingsvalget, formannskaps- og ordførervalgene
Ingen økning i kvinneandelen [Rettet 20.12.2011] (19.12.2011)
Kommunestyre- og fylkestingsvalget
Økning i valgdeltakelsen (04.11.2011)
Politiske partier, finansiering
Får tre fjerdedeler fra det offentlige (31.08.2011)
Kommunestyre- og fylkestingsvalget, personer med stemmerett
10 prosent velgere med innvandrerbakgrunn (25.08.2011)
Velgerundersøkelse, stortingsvalget
Geografi er fremdeles politisk relevant (18.08.2011)
Kommune- og fylkestingsvalget, listekandidater
Flest kandidater er menn over 40 år (01.07.2011)
Lokale folkeavstemninger
16 lokale folkeavstemninger i fjor (24.03.2011)
Velgerundersøkelse blant innvandrere, stortingsvalget
Stabil lav valgdeltakelse blant innvandrere (14.01.2010)
Sametingsvalget
Lågare valdeltaking, rekord av førehandsrøyster (28.10.2009)
Stortingsvalget
2 696 000 deltok ved stortingsvalet (15.10.2009)
Stortingsvalget, personer med stemmerett, beregnet
3 534 000 har røysterett ved stortingsvalet (03.09.2009)
Stortingsvalget, listekandidater
Fire av ti stortingskandidater er kvinner (26.06.2009)
Velgerundersøkelse blant innvandrere, kommunestyre- og fylkestingsvalget
Lav valgdeltakelse blant østeuropeere (28.02.2008)
|
Publikasjonar og artiklar
Lenkjer til andre
Internasjonale lenkjer:
|