| Ved kommunestyrevalet kan nokre av dei øvste kandidatane ha stemmetillegg frå partiet. Kor mange personstemmer stemmetillegget skal utgjere, avheng av kor mange veljarar som stemmer på lista. Tillegget skal utgjere 25 prosent av stemmene til lista. Har eit parti til dømes fått 100 stemmer, får kandidatar med utheva skrift eit stemmetillegg på 25 personstemmer. I tillegg kan veljarane sjølvsagt gi kven dei vil av kandidatane ei personstemme. Den kandidaten som har det høgaste stemmetalet (stemmetillegg + personstemmer) blir vald inn som nr. 1, den med nest høgaste blir vald som nr. 2 osv. |