|
Personar med røysterett: Krava til røysterett går fram av Grunnlova og lov om stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval (vallova). Norske statsborgarar som fyller 18 år eller meir i valåret, og som har vore registrert busette i Noreg dei siste 10 åra, vil automatisk koma med i manntalet. Dessutan kan norske statsborgarar som har vore busette i utlandet samanhengande over 10 år, krevja seg innført i mantalet. Ved lokalval har dessutan utanlandske statsborgarar som har budd i landet tre år på valdagen og elles fyller dei generelle vilkåra, røysterett. Ved ei endring i vallova, Innst. O nr. 61 (1998-99), Ot.prp. nr 37 (1998-99), fekk alle nordiske statsborgarar røysterett ved lokalval dersom dei var innvandra før 1. mars i valåret. Dette vart gjort gjeldande frå og med valet i 1999. Frå og med lokalvalet i 2003 fekk alle nordiske statsborgarar røysterett dersom dei var innvandra før 31. mai. Nordiske statsborgarar har røysterett ved lokalvalet i 2007 dersom dei 30. juni i valåret står innført i folkeregisteret som busette i Noreg. For å kunne røysta ved sametingsvalet, må ein registrera seg i samemanntalet. Alle samer frå Noreg som er over 18 år eller fyller 18 år i valåret, har rett til å registrere seg i samemanntalet. Alle som avgjev erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som anten
Samar som er statsborgarar i andre nordiske land kan registrere seg i samemanntalet dersom dei 30. juni i valåret står innført i folkeregisteret som busette i Noreg. Samar som ikkje er frå eit nordisk land, kan registrere seg i samemanntalet dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen. |