Om statistikken

Formålet med statistikken er å gje informasjon om utviklinga i talet på lærarar i grunnskolar, vidaregåande skolar og universitet og høgskolar. Statistikken vart starta i 1981. Ei større omlegging vart gjennomført med verknad frå statistikkåret 1992. Tala før og etter dette tidspunktet kan ikkje alltid samanliknast.

Kjelde for statistikken er i hovudsak dei to registra Statens Sentrale Tjenestemannsregister (SST) og Sentralt Tjenestemannsregister for skoleverket (STS). Desse registra dekkjer alle offentlege skolar i tillegg til enkelte private skolar (bl.a. folkehøgskolane). Statistikken omfattar alle lærarane i tillegg til administrativt personell som normalt er lærarar (rektorar, inspektørar o.l.). Statistikken er basert på opplysningar om dei enkelte individa, og inneheld i tillegg til fødselsnummer blant anna opplysningar om stillingskode, lønn, årsverk. For dei private skolane som ikkje rapporterer til SST eller STS, hentast det inn eigne data på skjema. F.o.m. 2001 er desse private skolane ikkje med i statistikken. For dei private skolane som ikkje rapporterte til STS eller SST inneheld statistikken berre opplysningar om kjønn, heiltid/deltid og ein grovare stillingskategori for dei enkelte individa

Statistikken blir produsert på grunnlag av ei datafil som Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk eig. Datamaterialet blir offentleggjort årleg av seksjon nemnd ovanfor. Opplysningar om feilkjelder, innsamlings- og bearbeidingsrutiner o.l. er å finne i "Om statistikken" utarbeidd av Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk, "http://www.ssb.no/emner/06/05/lonnskole/".


2004 © Statistisk sentralbyrå