92943
statistikk
2013-04-03T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
ufats, Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Utenriksøkonomi
true

Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet2011

Innhald

Auka aktivitet i utlandet

Norske føretak kontrollerte 3 228 føretak i utlandet i 2011. Samanlikna med tal frå 2010 ser vi ein aktivitetsauke i både omsetning og sysselsetting i 2011.

Norskkontrollerte føretak i utlandet
2011
Føretak Omsetning (mill. kr) Sysselsette
Alle land 3 228 1 046 335 250 641
Europa 2 312 621 948 150 295
Afrika 74 64 450 5 817
Asia 425 135 748 48 317
Nord- og Mellom-Amerika 269 167 290 26 322
Sør-Amerika 105 40 285 16 836
Oseania 43 16 613 3 054
Sysselsette, etter næring. 2011
Sysselsette, etter næring. 2011

Dei norskkontrollerte føretaka i utlandet sysselsette i 2011 251 000 personar og hadde ei omsetning på totalt 1 046 milliardar kroner.

Flest i Sverige

Statistikken viser at 2 312 norskkontrollerte føretak i utlandet, tilsvarande 72 prosent, var lokaliserte innanfor Europa. Europas del av total omsetning og sysselsetting var noko mindre, med høvesvis 59 prosent og 60 prosent. Avhengig av om ein ser på omsetning eller sysselsetting, følgjer høvesvis Nord- og Mellom-Amerika og Asia som dei viktigaste verdsdelane. Sverige var det største enkeltlandet med 700 norskkontrollerte føretak. Norske føretak sysselsette 43 000 personar og omsette for 175 milliardar kroner i Sverige i 2011.

Industri var næringa med flest norske føretak i utlandet. I denne næringa finn ein 930 norskkontrollerte føretak. Desse føretaka sysselsette i 2011 109 000 personar og hadde ei omsetning på 442 milliardar kroner.

Aktivitetsauke

Omsetningsauken frå 2010 til 2011 var på 167 milliardar kroner, medan sysselsettinga auka med knapt 12 000 personar. Den største omsetningsveksten var i næringane industri samt bergverksdrift og utvinning.

Tilbakemelding

Fant du det du lette etter?