Underskotet på tenestebalansen aukar

Publisert:

Importen av tenester til norske ikkje-finansielle føretak enda på 60,9 milliardar kroner, mens eksporten var 55,8 milliardar kroner. Underskotet på 5,2 milliardar kroner var 2,2 milliardar kroner høgare enn tilsvarande kvartal i 2018.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein nedgang i både eksport og import samanlikna med 4. kvartal 2018. Importen gjekk ned med 4,7 prosent medan eksporten gjekk ned med 5,8 prosent. Det er vanleg at både eksport og import av tenester er høge i 4. kvartal, og at verdiane fell att til 1. kvartal.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

• Den største eksportnæringa - transport og lagring – auka med 3,1 prosent til 28,1 milliardar kroner samanlikna med 1. kvartal 2018. Denne næringa svarar til meir enn halvparten av heile tenesteeksporten.

• Eksporten av sjøtransporttenester enda på 22,8 milliardar kroner, ein auke på 6,5 prosent frå 1. kvartal 2018.

• Eksport av tenester til EU-land utanom Norden var 19,5 milliardar kroner, som svarar til om lag ein tredel av den totale tenesteeksporten.

Figur 2. Eksport av tenester

Kolonne1 1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 35.1 36 32.8 36.8 36.1 34.3 34.9
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 15.9 15.7 17.4 16.9 17 17.1 16.9
Nord og MellomAmerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13.1 12.5 13.6 12.8 12.5 13.4 12.8
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.1 16.5 17.5 16.3 16.1 16.7 17.5
Andre Regioner 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17.4 16.8 17 15.5 15.7 16.5 15.7

Import av tenester

• Næringa transport og lagring synte ein klar auke på 14,6 prosent frå 1. kvartal 2018. Importen enda på 20,1 milliardar kroner.

• Det vart importert mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 1. kvartal 2019. Denne tenestegruppa stod for en femtedel av total tenesteimport.

• EU-land utanom Norden står bak 45,3 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 27,6 milliardar kroner.

Figur 3. Import av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44 43.9 43.8 42.3 45.5 44.3 45.2 45.3
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12 13.1 12.7 12.4 12.6 13
Nord og MellomAmerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 13 13.2 13.5 13.2 12.5 12.6 12.7
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.1 21.4 20.5 21.3 19.6 21.5 20 20.3
Andre Regioner 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.5 8.1 9.2 8.4 7.4 7.6 7.8 7