Framleis nedgang i tenestehandelen

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak gjekk ned med 3,6 prosent frå 2. kvartal 2016 til 2. kvartal 2017. Tenesteimporten hadde eit fall på 1,7 prosent i den same perioden.

Trass nedgangen samanlikna med føregåande år, syner statistikken Utanrikshandel med tenester at både eksport og import har ein oppgang sett mot 1. kvartal 2017. Eksporten går opp 7,1 prosent, og importen opp 10,8 prosent. Det er ikkje uvanleg at tenestehandelen aukar frå årets første kvartal til det andre. Auken var altså ikkje stor nok til å ta igjen fallet vi har sett gjennom dei fire siste kvartala.

Nokre viktige eksporttal

  • Næringa transport og lagring står for halvparten av total tenesteeksport; over 25 milliardar kroner. Denne delen er uendra frå det same kvartalet i fjor.
  • Eksporten av sjøtransporttenester auka med 5,5 prosent frå same kvartal i fjor. Dette tilsvarar om lag 1 milliard kroner.
  • Vi eksporterer mest tenester til EU-land utanom Norden. Denne delen har lege rundt ein tredel dei siste åra, og utgjorde om lag 18 milliardar i 2. kvartal 2017.

Import av tenester – dei viktigaste tala

  • Næringa transport og lagring er framleis størst når det gjeld import av tenester, med 27,1 prosent av alle innkjøpte tenester, tilsvarande 16,4 milliardar kroner i 2. kvartal. Næringa bergverksdrift og utvinning er nest størst med ein importverdi på 13,5 milliardar kroner, noko som utgjer 22,4 prosent av samla import.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 2. kvartal 2017. Importverdien var på 12,7 milliardar kroner, og tenestegruppa utgjer dermed ein del på 21,1 prosent av total tenesteimport.
  • Føretak i EU-land utanom Norden står bak 45 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 27,1 milliardar kroner.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figur 2. Eksport av tenester etter region
Figur 2. Eksport av tenester etter region
1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv.
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.6 35.3 32.3 34
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.5 17.1 14.9
Nord- og Mellom-Amerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.9 14 13.6 13.4
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17.1 16.4 17.2 16.6 16
Andre regionar 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 14.9 16.9 14.4 15.4

Figur 3. Import av tenester etter region
Figur 3. Import av tenester etter region
1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv.
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.3 41.8 40.9 44.5 45
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.4 12.2 12.9 12.0 12.1
Nord- og Mellom-Amerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.5 15.4 14.3 13.2
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21.1 21.1 20.2 20.9
Andre regionar 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.3 7.9 7.0 6.5

Samanslegne tenestegrupperingar gjer samanlikning vanskelegare

Det er gjort ei endring i samanstillinga av tenestetypar. Tenestegrupperinga jarnbane- og landtransporttenester er slegen saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering: luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 1 og 3, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagde inn atttende til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte jamførande med tidlegare utgjevingar.

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/utenriksokonomi/artikler-og-publikasjoner/framleis-nedgang-i-tenestehandelen?id=108&key=321840&profilertSeksjon=128&sidetype=artikler