Flest norske dotterføretak ligg i Europa

Publisert:

Norske selskap kontrollerte 4 513 føretak i 124 land i 2015. Døtrene i utlandet hadde ei samla omsetning på 1 280 milliardar kroner og over 280 000 sysselsette. Sidan 2014 har total omsetning auka med 4,9 prosent. 70 prosent av dotterselskapa held til i Europa.

Den geografiske fordelinga av norskkontrollerte føretak, som er illustrert i figur 1, viser at Europa hadde den største førekomsten av døtrer, med 3 144 føretak. Vidare står Asia og Nord- og Mellom-Amerika for høvesvis 14 og 9 prosent av døtrene. Figur 2 viser at Europa dessutan var den verdsdelen med flest sysselsette og høgast omsetning, etterfølgt av Asia og Nord- og Mellom-Amerika. Av dei 4 513 utanlandske føretaka var 3 746 òg inkluderte i utvalet for 2014, medan 767 føretak er nye i utvalet for 2015.

Figur 1

Figur 1. Føretak, etter verdsdel, i prosent av totalen

Figur 2

Figur 2. Sysselsette og omsetning, etter verdsdel, i prosent av totalen

Halvparten av omsetninga i seks land

Det var nokre utvalde land som skilde seg ut og stod for over halvparten av omsetning totalt i verda og nesten halvparten av dei sysselsette. I figur 3 ser ein omsetninga i 2014 og 2015 fordelt på dei seks utvalde landa. Sverige og USA var dei landa med størst omsetning. På dei neste plassane kom Danmark, Tyskland, Brasil og Storbritannia. Når det gjeld sysselsette, var òg Sverige og USA størst. Deretter kom Brasil, Danmark, Storbritannia og Tyskland.

Figur 3

Figur 3. Omsetning, etter utvalde land

Fem konsern står for halvparten av omsetninga

Utvalet til statistikken var dominert av eit mindre tal store konsern. I utvalet for 2015 hadde Noreg 666 konsern med døtrer i utlandet. Fem av konserna stod, med sine 379 døtrer, for over 50 prosent av omsetninga.

Figur 4

Figur 4. Sysselsette, etter utvalde land

Flest føretak med få sysselsette

Figur 5 viser omsetning og tal på norskkontrollerte føretak i utlandet grupperte etter tal på sysselsette. Det var flest føretak med 10 eller færre sysselsette, og færrast føretak med over 250 sysselsette. Føretak med fleire enn 250 sysselsette stod for ei total omsetning på 500 milliardar kroner og hadde den høgaste omsetninga per føretak.

Figur 5

Figur 5. Føretak og omsetning fordelt på intervalla av sysselsette

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/utenriksokonomi/artikler-og-publikasjoner/flest-norske-dotterforetak-ligg-i-europa?id=108&key=320926&profilertSeksjon=128&sidetype=artikler