Auke i tenestehandelen med utlandet

Publisert:

Eksport av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak enda i 2. kvartal 2019 på 61,2 milliardar kroner. Import av tenester utgjorde 68,4 milliardar kroner. Underskotet på tenestebalansen mellom Noreg og utlandet enda på 7,2 milliardar kroner.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein auke i både eksport og import av tenester samanlikna med 2. kvartal 2018. Importen av tenester auka mest, med 16,3 prosent, medan eksporten gjekk opp med 7,9 prosent.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

  • Den største eksport-næringa, transport og lagring, auka sin eksport av tenester med 3,5 milliardar kroner til 31,6 milliardar kroner. Dette var ein auke på 5,4 prosent frå 2. kvartal 2018.
  • Det vart eksportert sjøtransporttenester for 25,2 milliardar kroner, 1,7 milliardar kroner meir enn i same kvartal året før.
  • EU-land utanom Norden var mottager av 35,8 prosent av tenesteeksporten frå Noreg i 2. kvartal.

Figur 2. Eksport av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019 2.kv. 2019
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 35.1 36 32.8 36.7 36.1 34.3 35.1 35.8
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 15.9 15.7 17.4 16.8 17 17.2 16.4 16.3
Nord og MellomAmerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13.1 12.5 13.6 12.7 12.6 13.3 13.1 11.9
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.1 16.5 17.5 16.6 16.1 16.6 18 17.1
Andre regioner 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17.4 16.8 17 15.5 15.7 16.6 15.6 16.9

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring stod for nær ein tredel av tenesteimporten i 2. kvartal 2019, med 21,5 milliardar kroner. Dette var ein oppgang på 17,5 prosent, om lag 3,2 milliardar kroner i forhold til 2. kvartal 2018.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 2. kvartal 2019. Importverdien var på 12,8 milliardar kroner, og tenestegruppa stod dermed for 18,8 prosent av total tenesteimport.
  • EU-land utanom Norden stod bak 45,9 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 31,4 milliardar kroner.

Figur 3. Import av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019 2.kv. 2019
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44 43.9 43.8 42.4 45.5 44.3 45.1 45.1 45.9
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12 13.1 12.7 12.4 12.6 13.2 11.5
Nord og MellomAmerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 13 13.2 13.5 13.2 12.5 13 12.6 12.4
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.1 21.4 20.5 21.3 19.6 21.5 19.9 20.8 21.3
Andre Regioner 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.5 8.1 9.2 8.4 7.4 7.6 7.8 6.9 7.4