92963
statistikk
2013-03-14T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar, deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
true

Folkehøgskolar2012

Innhald

Fleire deltakarar på kortkurs

I 2012 tok 18 700 deltakarar ulike kortkurs ved folkehøgskolane. Dette er ein auke frå året før på 1 000 deltakarar, eller 5,5 prosent. Deltakinga er dominert av kvinner, som utgjer 61 prosent. Av kvinnene er over halvparten 50 år eller eldre.

Deltakarar på folkehøgskolar, kortkurs
Antall Prosent
2012 2011 - 2012 2009 - 2012
I alt 18 703 5,5 -0,4
 
Menn
19 år eller yngre 568 2,7 -29,2
20-29 år 944 -0,8 -8,1
30-39 år 585 -2,2 -14,5
40-49 år 946 12,2 1,1
50 år eller eldre 4 256 8,1 9,7
 
Kvinner
19 år eller yngre 747 -1,3 -30,0
20-29 år 1 358 15,4 3,7
30-39 år 1 004 10,1 -13,8
40-49 år 1 763 4,0 -8,1
50 år eller eldre 6 532 3,7 -4,2

Estetiske fag og handverksfag er framleis dei mest populære emna og samla i alt 7 200 deltakarar i 2012. Av desse var 40 prosent kvinner over 50 år. Det er berre i emna naturbruk, økologi, miljøvern- og friluftslivsfag samt samferdsels- og kommunikasjonsfag at prosentdelen for menn er størst, 53 prosent respektive 78 prosent. Helse-, sosial- og idrettsfag samla 3 200 deltakarar, mens samfunnsfag hadde ein nedgang på 15 prosent frå året før.

Talet på utanlandske deltakarar har gått opp med 100 det siste året, til 1 100 deltakarar. Deltakarar frå Sverige stod for den største auken, frå 140 elevar i 2011 til 280 elevar i 2012. Elles var Danmark og Russland, likesom året før, dei landa som hadde flest deltakarar utanom Noreg.

Ser ein på skolefylke, toppa folkehøgskolane som ligg i Nordland, med over 4 100 kursdeltakarar til saman. Vestfold kom på andre plass med over 2 500 deltakarar. Nedst enda Telemark med berre 200 deltakarar.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?