SSB analyse 2019/24: Elbileigarane sin sosiale profil

Kvart sjette av dei rikaste hushalda har elbil

Publisert:

Elbilpolitikken stimulerer både kjøp og bruk av elbil. Det er den fjerdedelen i befolkninga som tener best, som får mest økonomisk glede av desse fordelane. Det er 15 gonger fleire elbilar per vaksen i dei rikaste hushald enn i hushald med låg inntekt.

Samla fritak, fordelt på meirverdiavgift og eingongsavgift, blei retta frå 4,2 til 7,2 milliarder kroner 16. august.

Kven er det som eig elbilar, og korleis bruker dei slike bilar:

  • Kva type familiar og hushald er det som eig elbilar?
  • Kor mange eig berre elbil(ar), og kor mange har fossilbil(ar) i tillegg?
  • Korleis spelar inntekt inn på elbilkjøp?
  • Kor mange elektriske og fossile kilometer køyrer hushalda?

Elbilkjøparar vart i 2018 favorisert med 7,2 milliardar kroner fordelt på fritak for meirverdiavgift og eingongsavgift. Ønsket om reduserte klimautslepp utløyste ei politisk prioritering av elbilar, og elbilkjøparar får glede av lågare avgifter. I alt var budsjettet til Regjeringa for 2018 på 1 325 milliardar kroner. Samanlikna med denne summen tyder ikkje reduserte avgifter på elbilar mykje. Men Finansdepartementet estimerte same året total ny skattelette til 3,0 milliardar kroner. I ein slik samanheng er ikkje eit samla beløp på over 7 milliardar uviktig.

For å oppnå lågare utslepp ønskjer styresmaktene å byta ut gamle fossilbilar med nye elbilar. Sidan nybilar er dyrare enn gamle bilar, er det opplagt at hushald med høg inntekt i større grad enn dei med lågare  står for dette skiftet. Dei med høgare inntekt har også fleire bilar. Dersom elbilen erstattar køyring med fossilbil, og ikkje kjem i tillegg, har stimulansen ein positiv effekt på utsleppa. Det kan likevel opplevast som urettferdig at dei som har mykje frå før får mest direkte økonomisk glede av avgiftskutta som gjer elbilen attraktiv. Analysen vår vil sjå på desse følgjene av elbilpolitikken.

To av tre har bil

Av 2,6 millionar familiar har 35 prosent ingen personbil, slik figur 1 syner. 43 prosent eig éin bil, 17 prosent to bilar og 5 prosent har minst tre bilar. Bilen er såleis ein del av dagleglivet til 65 prosent av familiane og påverkar indirekte, gjennom blant anna arealbehov, også resten av befolkninga. Sjølv om passasjertalet til kollektivtransporten har vokse mykje dei siste 10 åra, er delen utan bil stabil. Årsakene til at nokre ikkje har bil, kan vera svak økonomi, prioritering av anna forbruk eller manglande behov.

Figur 1. Delen familiar utan og med personbil. 2018. Prosent

Prosent
Ikkje bil 35
1 bil 43
2 bilar 17
Minst 3 bilar 5

Delen som eig bil, varierer mellom familietypane. 90 prosent av par med barn har bil, medan 70 prosent av alle einslege med barn er bileigarar. Den einaste gruppa der fleirtalet ikkje eig bil, er dei einslege utan barn. I denne gruppa er berre 43 prosent bileigarar.

Snart 200 000 elbilar i Noreg

195 000 personbilar i Noreg var elbilar i 2018, og av desse var 166 000 eigd av privatpersonar. Dei andre 29 000 elbilane var eigd av føretak, der 17 000 av desse var eigd av leasing- eller bilutleieselskap. Berre 6 prosent av familiane eig minst éin elbil. To av tre av desse familiane har både elbil og diesel- eller bensinbil. Resten klarer seg med berre elbil. I 2018 var det 148 000 familiar med éin elbil, medan 9 000 hadde to eller fleire. Dei typiske eigarane av elbilar er par med barn. I 2018 levde seks av ti elbileigarar i denne familietypen.

Kva er forskjellen på hushald og familie?

Ein familie består av personar som er busett i same bustad og som er knytt til kvarandre som ektefellar, registrerte partnarar, sambuarar, og/eller som foreldre og barn. I norsk statistikk blir også enkeltpersonar rekna som familie, slik at alle personar høyrer til ein familie.

Eit hushald (privathushald) består av personar som er busett i same privatbustad.

Elbil og høg inntekt høyrer saman

Vi har sortert hushalda etter storleiken på hushaldsinntekta og delt inn i fire like store grupper som blir kalla kvartil:

Kvartil 1: botn 25 prosent

Kvartil 2: 25-50 prosent

Kvartil 3: 50-75 prosent

Kvartil 4: topp 25 prosent.

Delen som har elbil, varierer sterkt etter hushaldsinntekt. I 2018 var det 27 gonger meir vanleg med elbil i hushalda gruppert i kvartil 4 enn i kvartil 1: 16 prosent av hushalda i gruppa med høgast hushaldsinntekt hadde minst éin elbil. Tilsvarande del i gruppa med lågast hushaldsinntekt var 0,6 prosent.

Mengda personar i dei fire hushaldsgruppene er svært ulik. Hushalda i kvartil 1, gruppa med lågast hushaldsinntekt, består i større grad av einslege. Dei rikaste hushalda, kvartil 4, utgjorde knapt tre gonger så mange personar. Med fleire vaksne i et hushald er det fleire moglege bilbrukarar. For å få ei betre samanlikning mellom inntektsgruppene har vi sett på talet på elbilar per vaksen i hushalda. Dette minskar skilnaden mellom inntektsgruppene, men avstanden er framleis svært stor. I 2018 var det 15 gonger fleire elbilar per vaksen i hushalda i kvartil 4 enn i kvartil 1. Mengda elbilar per vaksen i hushalda med høgast inntekt var 0,078, mot 0,005 i hushalda med lågast inntekt. Dette kjem òg fram i figur 2.

Figur 2. Mengda bilar per vaksen i hushalda, etter hushaldsinntekt. Personbil. 2018

Elbilar per vaksen i hushalda Diesel- eller bensinbilar per vaksen i hushalda
Botn 25% 0.005 0.275
25-50% 0.018 0.565
50-75% 0.036 0.631
Topp 25% 0.078 0.630
I alt 0.034 0.525

64 prosent av hushalda med elbil har også minst éin diesel- eller bensinbil. Her er det også store variasjonar etter inntekt. 79 prosent i kvartil 1 som eig elbil, har ingen fossilbilar. Denne delen er berre 26 prosent i kvartil 4. Med i snitt fleire personar i hushalda med høgast inntekt, kan større behov for fleire bilar vera ei av årsakene til skilnadene. Men dei rikaste hushalda har ressursane til å utnytta dei ulike fordelane som kjem med å ha både elbil og fossilbil. Hushald med låg inntekt må i større grad velja anten fossilbil eller elbil. Dersom dei har behov for lang rekkevidde på enkelte turar, er elbil mindre aktuelt. Eit hushald med høg inntekt kan lettare ha ein «bybil» og ein «hyttebil», og dermed utnytta favoriseringa av elbilar.

Nybil = elbil i over halvparten av dei rikaste hushalda

Det er større variasjon i modellutvalet og prisnivået til elbilar i dag enn for nokre år sidan. I 2018 kunne såleis den sosiale profilen til eigarar av elbil vera annleis enn tidlegare. Vi undersøkte difor kven som kjøpte førstegongsregistrerte personbilar i 2018. Ikkje overraskande kjøpte  høginntektshushald oftast ny bil. 6 prosent av hushalda i kvartil 4 kjøpte ny bil mot berre 0,3 prosent av hushalda i kvartil 1. Dette var forventa, ettersom høginntektshushalda eig langt fleire bilar totalt, og at bilane dei eig, i snitt er nyare.

Meir interessant er det at elbilar er meir populære nybilkjøp hos dei med høgast inntekt også dersom ein justerer for at desse kjøper fleire bilar. Resultata viser at 56 prosent av dei nyregistrerte bilane til hushalda med høgast hushaldsinntekt var elbilar. I hushalda med lågast inntekt var delen 33 prosent, slik det kjem fram i figur 3. Dei rikaste hushalda kjøper mest nye elbilar, og dei med lågast inntekt kjøper relativt sett mest nye fossilbilar. Ei av årsakene er sannsynlegvis at elbilar med lang rekkevidde er dyre samanlikna med dei billegaste diesel- eller bensinbilane. Ein billeg fossilbil med tilnærma uavgrensa rekkevidde kostar mindre enn ein elbil med batteristorleik til å oppfylla liknande transportbehov.

Figur 3. Mengda førstegangsregistrerte bilar, etter hushaldsinntekt. Personbil. 2018

Elbilar Diesel- eller bensinbilar
Botn 25% 710 1451
25-50% 2938 6360
50-75% 8583 12241
Topp 25% 22652 18087
I alt 34883 38139

Våre resultat for kjøparar av nybilar i hushalda inkluderer ikkje brukarar av leasingbilar. Men stadig fleire vel å leasa nybil i staden for å kjøpa. Berre halvparten av dei rundt 148 000 nybilane i 2018 var registrert på privatpersonar. 57 000, hovudsakeleg fossilbilar stod registrert på leasingselskap, og mange av desse blir brukt av privatpersonar. Berre 14 prosent av desse var elbilar.  Delen elbilane utgjer av den totale marknaden, var difor mindre enn delen elbilar kjøpt av hushalda. Vi veit ikkje om inntektsfordelinga til hushalda som leasar nybil, er den same som dei som kjøper nybil.

7 prosent av køyrde kilometer er med elbil

I tillegg til stimulering gjennom eingongsavgift og meirverdiavgift, som er knytt til kjøp av elbil, blir òg sjølve bruken tilgodesett gjennom bompengefritak, gratis parkering og fritak for vegbruksavgift. Mykje tyder på at desse fordelane for mange påverkar kva motorteknologi dei vel å satsa på.

Eit gjennomsnittleg norsk hushald køyrde 12 100 kilometer i 2018, der 830 av desse var med elbil. Desse tala inkluderer ikkje køyring som hushalda gjer med føretakseigde bilar, for eksempel leasingbilar. Ved å bryte ned på inntekt ser vi stor skilnad mellom inntektsgruppene. Hushalda i kvartil 1 køyrer 3 000 kilometer i året i snitt, medan kvartil 4 køyrer 21 500 kilometer. Ei av årsakene er at det er fleire vaksne i hushalda med høgst inntekt. Forskjellen blir mindre når vi justerer for dette, men framleis svært tydeleg. Gjennomsnittleg køyrde kilometer per vaksen er om lag 2 800 kilometer i hushalda med lågast inntekt og 9 300 i hushalda med høgast inntekt.

Det er også stor skilnad mellom inntektsgruppene i mengda køyrde kilometer med elbil. I 2018 køyrde hushalda i kvartil 1 dryge 60 kilometer med elbil per vaksen mot 980 kilometer i kvartil 4. Delen køyrde kilometer med elbil er over 10 prosent i hushalda med høgast inntekt og berre om lag 2 prosent i hushalda med lågast inntekt, som vist i figur 4. Vi ser altså at den rikaste fjerdedelen køyrer meir med elbil både i absolutte tal og relativt sett samanlikna med fossilbil. Dersom ein ser bort ifrå indirekte fordelar ved elbilbruk, som til dømes mindre luftforureining, er det for det meste dei med høgast inntekt som nyt godt av favoriseringa av bruken av elbilane.

Figur 4. Fossile og elektriske kilometer per vaksen i hushalda, etter hushaldsinntekt. Personbil. 2018

Elbilar Diesel- eller bensinbilar
Botn 25% 63 2723
25-50% 216 6431
50-75% 448 7945
Topp 25% 978 8276
I alt 426 6346

Hushald med både elbil og diesel- eller bensinbil køyrer fleire fossile enn elektriske kilometer. I 2018 var fordelinga knapt 60 prosent fossile kilometer og vel 40 prosent elektriske. Det er lite variasjon i dette mønsteret mellom inntektsgruppene.

Elbilpolitikk til glede for alle?

Produksjon i stor skala av ei vare gjev låge kostnader per produsert eining. Dersom det blir produsert mange elbilar, vil kostnaden per elbil minka etter kvart som volumet veks. Låge avgifter på elbilar i Noreg har ført til stort sal av bilar med denne alternative motorteknologien. Sjølv om det hittil er dei rikaste hushalda som har kjøpt elbil, kan større volum redusera prisane, slik at det blir mogleg for fleire å kjøpa elbilar. Etter kvart kan såleis også fattigare hushald få glede av låge avgifter på elbilar.

Nye elbilar vil etter nokre år bli bruktbilar. Den teknologiske utviklinga og låge avgifter gjer at stadig fleire elbilar vil koma inn på bruktbilmarknaden. Dersom brukte og rimelege elbilar blir tilgjengelege, er avgiftsfritaka indirekte også eit gode for hushald utan høg inntekt. Men eit prishopp på brukte elbilar er sannsynleg viss styresmaktene fjernar fritak for til dømes meirverdiavgift.

Finansdepartementet. (2018). Nasjonalbudsjettet 2018. (Meld. St. 1 (2017-2018)). Henta frå https://www.statsbudsjettet.no/upload/Statsbudsjett_2018/dokumenter/pdf/stm.pdf

Finansdepartementet. (2019). Nasjonalbudsjettet 2019. (Meld. St. 1 (2018-2019)). Henta frå https://www.statsbudsjettet.no/upload/Statsbudsjett_2019/dokumenter/pdf/stm.pdf

Fjørtoft, T. O. og Hansen, J. A. (2018). Leaser hybrid, eier elbil. SSB analyse, 2018/25. Henta frå https://www.ssb.no/transport-og-reiseliv/artikler-og-publikasjoner/leaser-hybrid-eier-elbil

Holtsmark, B. (2012). Elbilpolitikken – virker den etter hensikten? Samfunnsøkonomen (5), 4-11. Henta frå https://www.ssb.no/a/filearchive/HoltsmarkElbil2012.pdf

Statistisk sentralbyrå. (2019, 28. mai). Kollektivtransport. Henta frå https://www.ssb.no/kolltrans

Kontakt