Færre hotellovernattingar i påskemånaden

Publisert:

I april 2017 var det 1,5 million overnattingar ved norske hotell. Dette var 6 prosent færre enn i den same månaden i 2016.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland
April 2016 April 2017
I alt 1566164 1477787
Noreg 1235450 1160329
Utlandet 330714 317458

Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned 6 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned 4 prosent frå april 2016 .

Sett i høve til april 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 11 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var  922 kroner i april i år, noko som er 2 prosent høgare samanlikna med april 2016.

Det er viktig å leggje merke til at heile påska i 2016 var i mars, medan påska i år var i april. I påskemånaden er det som regel færre hotellovernattingar, men fleire på campingplassar og hyttegrender.

Fleire campingovernattingar

  • 263 000  overnattingar i april 2017
  • 21 prosent oppgang sidan april 2016
  • Norske overnattingar gjekk opp 18 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 48 prosent

 

Fleire overnattingar på hyttegrendene

  • 186 000 overnattingar
  • 4 prosent oppgang frå april 2016
  • Norske overnattingar gjekk opp 12 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 4 prosent

 

Kontakt