8 prosent fleire hotellovernattingar

Publisert:

I mai 2017 var det 1,8 million overnattingar ved norske hotell. Dette var 8 prosent fleire enn i den same månaden i 2016.

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter bustadland til gjestene
Mai 2016 Mai 2017
I alt 1628099 1764632
Noreg 1145596 1267251
Utlandet 482503 497381

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 11 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp 3 prosent frå mai 2016, syner statistikken Overnattingar.

Sett i høve til mai 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 17 prosent. Gjennomsnittsprisen per rom var 968 kroner i mai i år, noko som er 6 prosent høgare jamført med mai 2016.

Færre campingovernattingar

  • 555 000 overnattingar i mai 2017
  • 14 prosent nedgang frå mai 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 19 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 19 prosent

 Fleire overnattingar på hyttegrendene

  • 168 000 overnattingar
  • 4 prosent oppgang frå mai 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 13 prosent

Kontakt