Halvparten av norske føretak kjøper nettskytenester

Publisert:

Nettskytenester er i vekst, og 48 prosent av føretaka med minst ti sysselsette kjøper no nettskytenester. Delen er opp frå 40 prosent i 2016 og 29 prosent i 2014.

Stadig fleire føretak bruker nettskytenester som gjer at dei får tilgang til IKT-tenester over internett. Tenestene blir leverte frå serverane til tenesteprodusentane.

48 prosent av føretaka med meir enn ti sysselsette kjøper nettskytenester i 2017, og i enkelte næringar er andelen enda høgare. I næringa informasjon og kommunikasjon kjøper heile 81 prosent av føretaka nettskytenester.

E-post og lagring av filer er dei mest brukte nettskytenestene. Høvesvis 35 og 34 prosent av føretaka bruker seg av desse to tenestene. Rekneskapsprogram og kontorprogram som nettskyteneste har hatt ein merkbar auke sidan i fjor, og er opp frå 21 prosent til 28 prosent i 2017.

Figur 1. Bruk av nettskytenester. Andel av føretak med minst ti sysselsette.

Datakraft Kundeadministrasjon CRM Rekneskapsprogram Fillagring Lagring av databasar Kontorsystem E-post Kjøper nettskytenester
2016 12 15 21 28 25 21 28 40
2017 15 19 28 34 30 28 35 48

Statlege verksemder er i snitt meir ivrige brukarar av nettskytenester enn næringslivet. 71 prosent svarer at dei bruker éi eller fleire slike tenester i 2017, i følgje undersøkinga Bruk av IKT i staten. Dette er om lag på nivå med store private føretak. 67 prosent av føretaka i næringslivet med over 100 sysselsette bruker nettskytenester, mot 44 prosent av føretak med mellom 10 og 19 sysselsette.

Kva slags føretak og næringar er med i undersøkelsen?

Populasjonen for undersøkinga femner føretak med minst 10 sysselsette i dei følgjande næringsområda (SN2007):

C Industri (10-33);
D Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn (35);
E Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd (36-39);
F Bygg- og anleggsverksemd (41-43);
G Varehandel, reparasjon av motorvogner (45-47);
H Transport og lagring (49-53);
I Overnattings- og serveringsverksemd (55-56);
J Informasjon og kommunikasjon (58-63);
L Omsetning og drift av fast eigedom (68);
M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (69-74);
N Forretningsmessig tenesteyting (77-82);
S Anna tenesteyting (95.1).

Frå og med 2014 er ikkje næring K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19) inkludert i undersøkinga. 

Mogleg å samanlikne med andre europeiske land

Undersøkinga Bruk av IKT i næringslivet er i regi av EU sitt statistikkontor, Eurostat. Tala kan derfor samanliknast med andre europeiske land på Eurostat sine nettsider.

Tre av ti føretak sel varer og tenester over internett

27 prosent av norske føretak har motteke bestillingar på varer eller tenester gjennom nettsider i 2016. Inkludert EDI-sal er delen som hadde elektroniske sal 30 prosent, opp frå 28 prosent året før. 

Tal om e-handel og e-faktura gjeld for 2016

Nokre av spørsmåla gjeld året før undersøkinga vart gjennomført. Dette gjeld mellom anna spørsmåla om e-handel og e-faktura. Der spør vi kva føretaket har gjort det siste året. Undersøkinga vert gjennomført i første kvartal, så svara vil då gjelde hovudsakeleg for 2016.

Brorparten av føretaka som sel varer og tenester over internett, gjer det frå eiga nettside eller app. I 2016 selde 23 prosent av føretaka gjennom eigne nettsider, medan 7 prosent selde gjennom ein e-marknadsplass.

Dei flest føretaka har Noreg som marknad for nettsal, og sel lite utanlands. 25 prosent av føretaka selde over nett til Noreg, medan 5 prosent selde til utlandet. Berre to prosent hadde utelukkande utanlandsk marknad for nettsal. 

Figur 2. Andel av føretak som driv med nettsal, etter størrelse. 2017

Nettsal Nettsal til Noreg Nettsal til utlandet Nettsal frå eiga heimeside Nettsal frå marknadsplass på nett
Alle føretak med 10+ sysselsette 27 25 5 23 7
10-19 sysselsette 24 21 4 19 6
20-49 sysselsette 29 27 7 25 8
50-99 sysselsette 31 30 9 29 9
100+ sysselsette 38 36 9 35 9

Samla verdi av elektronisk sal i 2016 er utrekna til 620 milliardar kroner, og utgjorde med det 20 prosent av total omsetning i næringane som er med i undersøkinga. Sal gjennom EDI og nettstader utgjer omtrent like store delar. Av nettsalet er sal til offentlege styresmakter og andre føretak størst. Salet til det offentlege og næringslivet er utrekna til 241 milliardar, medan nettsal til private er på 77 milliardar.

Om utrekning av omsetninga frå nettsal

I undersøkinga ber vi føretaka om å talfeste kor stor prosentdel av omsetninga som kjem frå nettsal. Så hentar vi omsetninga til føretaka frå strukturstatistikken og bruker dette til å rekne ut omsetninga frå nettsal i kroner. Omsetningstala til føretaka er frå eitt år lenger tilbake. Det vil seie at i utrekninga for omsetning frå nettsal i 2016 er det brukt omsetningstal for føretaka frå 2015. Tala er omtrentlege.

Meir enn ni av ti føretak er fornøgde med breibandshastigheita

93 prosent av norske føretak med fast breiband opplever at hastigheita er tilstrekkeleg. Andelen føretak med fast breibandsabonnement er no 85 prosent, og av desse har 25 prosent raskare enn 100 Mbit/s i nedlastingshastigheit.

Nesten alle med internett i den raskaste kategorien er fornøgde med hastigheita, men også føretaka med dei lågaste internetthastigheitene er for det meste fornøgde. 87 prosent av dei med 10 Mbit/s eller mindre i nedlastingshastigheit meiner dette er tilstrekkeleg. 

Figur 3. Andel av føretaka som opplever breibandshastigheita som tilstrekkeleg, etter hastigheit. 2017

Fast breiband Under 2 Mbit/s 2-10 Mbit/s 10-30 Mbit/s 30-100 Mbit/s 100 Mbit/s eller høgare
Andel av føretak 85 2 13 23 24 21
Andel som opplever tilstrekkeleg hastigheit 93 83 87 93 95 99

Eitt av fem føretak har tilsett eigne IKT-spesialistar

Akkurat som i 2016 har 19 prosent av norske føretak har éin eller fleire IKT-spesialistar tilsett i 2017. Delen aukar kraftig med storleiken på føretaka.

Kontakt