10.04.10 - Jordbruk, jakt, viltstell
Årleg. Referansetidspunkt er 31. juli.
Fylke, kommune.
430 - Seksjon for primærnæringsstatistikk
Statistikkloven §§ 2-1, 3-2.
Rådsforordninger (EØF) 571/88 og (EF) 2467/96, Kommisjonsvedtak (EF) 2000/115.
Mye av dette rapporteres både til Eurostat og FAO.
Formålet er å skaffe fram opplysningar om talet på jordbruksbedrifter, storleiken på bedriftene og driftsform samt produksjonsgrunnlaget i form av jordbruksareal og husdyr som blir disponert.
Frå 1907 er det halde fullstendige jordbruks- eller landbruksteljingar kvart tiande år, med teljinga i 1999 som den siste. Etter 1999 har Statistisk sentralbyrå etablert ein årleg totalpopulasjon av jordbruksbedrifter. Grunnlaget for denne populasjonen er aktive jordbruksbedrifter i Landbruksregisteret, og gjennom koplingar mot andre administrative register (søknader om produksjonstilskott i jordbruket, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar, leveranseregisteret for slakt o.a.) blir det henta inn opplysningar om produksjonen i jordbruksbedriftene. Til saman dannar desse opplysningane grunnlag for utarbeiding av den årlege statistikken om strukturen i jordbruket.
Statistikken blir særleg nytta av landbruksforvaltninga og næringsorganisasjonane i jordbruket, mellom anna i regi av Budsjettnemnda for jordbruket.
Statistikken omfattar alle aktive jordbruksbedrifter.
Totalpopulasjonen av jordbruksbedrifter for åra etter 1999 er avleda av aktive bedrifter i følgje Landbruksregisteret, og blir deretter kombinert med ei rekkje andre datakjelder:
Statistisk sentralbyrå har hand om jordbruksteljingane, landbruksundersøkingane og Bedrifts- og føretaksregisteret. Landbruksregisteret og dei andre nemnde administrative datakjeldene blir administrert av Statens landbruksforvaltning.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Statistikken byggjer på koplingar av datafiler som kvar for seg har blitt kontrollert ved etablering.
3 - 4 prosent av jordbruksbedriftene søkjer ikkje om produksjonstilskott. For ein del av desse einingane er jordbruksareal og tal husdyr berekna utifrå tilgjengelege opplysningar om bl.a. leveransar av korn og slakt.
Tal blir ikkje offentleggjort dersom det kan føre til at den einskilde jordbruksbedrift blir identifisert.
Driftsform og standard dekningsbidrag for jordbruksbedrift er nærare omtalt i Rapport 2003/23
I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Fylke, jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta og driftsform.
Viktigaste feilkjelda er knytt til utfyllinga av søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Mange av feila blir oppdaga og retta opp av den lokale landbruksforvaltninga, men feil som ikkje påverkar utbetalinga av tilskott kan bli ignorert. Vidare kan det oppstå feil når tilskottssøknaden blir registrert elektronisk, sjølv om det blir gjennomført kontrollar i samband med registreringa. Dei andre registra kan også innehalde feil og unøyaktigheitar som kan påverke berekningane av til dømes kornareal og talet på dyr utifrå leveransar av korn og slakt.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Det kan vere vanskeleg å avgjere om jordbruksbedrifter som ikkje søkjer produksjonstilskott er i drift på referansedatoen (31. juli), eller om drifta da har opphørt og jordbruksarealet drive av ei anna jordbruksbedrift.
Statistikken kan stort sett samanliknast med tal frå dei tidlegare fullstendige teljingane. Teljingane til og med 1979 omfatta all dyrking av nyttevekstar og alt husdyrhald utan omsyn til omfanget. I publikasjonane frå dei tidlegare teljingane er likevel mange av tabellane avgrensa til å gjelde einingar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Nesten all næringsmessig jordbruksdrift fann stad på desse einingane, medan einingar under 5 dekar i det alt vesentlege representerte hobbyprega produksjon vesentleg for eige hushald.
Frå 1989 til 1999 auka talet på samdrifter med mjølkeproduksjon på ku eller geit mykje. Desse einingane blei registrerte utan jordbruksareal i drift. Areal nytta til fôrproduksjon og beite på samdriftene blei i staden registrert på dei einingane som var med i samdrifta. Dersom tala frå og med 1999 berre skulle omfatte einingar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift, ville ein monaleg produksjon i bl.a. mjølkesamdrifter og veksthusgartneri blitt utelate. Tabellane frå og med 1999 omfattar difor einingar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal i drift så sant produksjonen har eit visst omfang.
I teljingar før 1999 har jordbruksbedrifta vore avgrensa til det som blei drive som ei eining innanfor same kommune. Frå og med 1999 er avgrensingane etter kommune sløyfa. I 2009 blei det innført produksjonstilskott for jordbruksbedrifter med minst 25 bikubar i produksjon. Dette førte til ein tilgang på om lag 300 bedrifter med berre slik produksjon frå 2008 til 2009.
Jordbruksareal og vekstar
På 1990-talet blei det mogeleg å få tilskot for ugjødsla, inngjerda beiteareal, såkalla innmarksbeite. Tidlegare var det krav om gjødsling, og arealet blei då kalla gjødsla beite. I tidlegare teljingar (i første rekkje 1989-teljinga) har gjødsla beite vore ein del av natureng og overflatedyrka eng. Innføring av innmarksbeite har ført til at nytt areal har blitt definert som jordbruksareal. Endringa har og ført til at mykje av arealet som tidlegare blei registrert som natureng og overflatedyrka eng no blir rekna som innmarksbeite. Frå 1989 til 1999 auka det registrerte arealet med overflatedyrka eng og innmarksbeite med til saman 418 000 dekar. Ei viktig årsak til den etter måten store auken er ikkje at ugjødsla beite no er rekna med, men at blant anna auka arealtilskott og krav om spreieareal har gjort det lønsamt for brukarane å nytte mykje areal og å ta med alt i søknader og liknande.
I tidlegare teljingar skulle plen og prydhage på jordbruksbedriftene reknast med i jordbruksarealet. Til dømes utgjorde plen og prydhage om lag 46 000 dekar i Landbruksteljing 1989. I Jordbruksteljing 1999 og seinare er jordbruksarealet eksklusive plen og prydhage.
Vidare skal ein merke seg at areala i 1999 og seinare, med unntak for vekstane på gartneri- og hagebruksskjemaet i 1999, er gitt i dekar utan desimal. I tidlegare teljingar blei areala gitt i dekar med ein desimal. Vekstar med areal under 1 dekar er derfor i liten grad talt i 1999 og seinare. Størst utslag gir dette for potet, grønsaker på friland, frukt og bær, og særleg for tal jordbruksbedrifter med vedkomande vekst.
Husdyr
Husdyrtala gjeld pr. 31. juli, unntatt for sau der teljedatoen er 1. juni eller ved beiteslepp. Teljedatoen i dei tidlegare teljingane har vore 20. juni eller 1. juni. Ei forskyving av teljedatoen med 1-2 månader har i seg sjølv neppe stor innverknad på dyretalet. Truleg har tilpassing av dyretalet til registreringsdatoen for søknad om produksjonstilskott meir å seie.
Statens landbruksforvaltning publiserer statistikk basert berre på søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Statistisk sentralbyrå sin statistikk inneheld i tillegg eit mindre tal jordbruksbedrifter som ikkje søkjer tilskott. Dei seinare åra har dette tillegget utgjort 3 – 4 prosent av totalt tal jordbruksbedrifter, medan det tilhøyrande jordbruksarealet har utgjort i underkant av ein prosent.
Statistikken om Strukturen i jordbruket blir publisert på ssb.no.
Her er det lenke til Statistikkbanken kor ein kan lage eigne tabellar.
Fil med avidentifiserte individdata blir lagra i SSB.
2009 © Statistisk sentralbyrå