Kommunestyre- og fylkestingsvalet, personar med røysterett
00.01.20 - Fylkestings- og kommunestyreval
Kvart fjerde år (valår).
Utrekna tal: Fylke. Utanlandske statsborgarar og norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn på kommunenivå for utvalde kommunar.
Endelege tal: Dei røysteføre fordelt på valkrins, verdsdelar og fylke.
320 - Seksjon for befolkningsstatistikk
Statistikklova §§ 2-1, 2-2, 3-2 (Skjema/registre)
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Føremålet er å gje eit utrekna tal før mengda personar som har røysterett ved det komande lokalvalet. Dette har vore gjort sidan 1999. Like føre valet vil me ha det eksakte talet på røysteføre.
Vert nytta av kommunar og fylkeskommunar, media og valforskarar før å planleggja arbeidet med det føreståande valet.
Alle røysteføre til lokalvalet.
Statistikken etter 1970 byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til lova. Folkeregistra får melding om fødslar, dødsfall, giftermål, skilsmål, flyttingar med vidare frå ulike kjelder.
Det sentrale personregisteret (DSP) blei bygt opp i åra 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes med at det 11-sifra fødselsnummeret vart innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som var med i folketeljinga og seinare alle som har vore busette i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 tok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet over som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og tidlegare DSP). Kontoret blei overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet i 1991. Oppdateringane i Det sentrale folkeregister blir gjorde dels ved dei lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminaler, dels sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer dessutan ein eigen befolkningsdatabase til statistikkformål i Statistisk sentralbyrå. Denne befolkningsbasen dannar grunnlaget for statistikken over samansetjinga i befolkninga.
Datagrunnlaget for dei endelege tala får SSB oversendt frå distributøren til Skattedirektoratet SKD (EDB Business Partner) like føre valet.
Ikkje relevant.
Frå januar 1998 er meldingar (elektroniske kopiar) blitt overførde dagleg frå DSF til SSB, tidlegare månadleg. Før mai 1995 tok SSB imot meldingane på magnetband kvar månad.
Det er tidlegare års datafiler som vert nytta for å rekna ut endringar frå utrekningstidspunktet fram til valet, vil grannsemda vera knytt til kor bra desse tala samsvarar med røyndomen.
Utgangspunktet er ei datafil frå befolkningsstatistikken, dei som er busette. Mengda røysteføre nordmenn busett i utlandet. Mengda døde, utvandra, innvandra og statsborgarskapsendringar fra førre årets befolkningsdatafiler. Fødelandsfilen for å utrekna mengda norske statsborgarar med innvandraropphav.
Ikkje relevant.
Personar med røysterett: Krava til røysterett går fram av Grunnlova og lov om stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval(vallova). Norske statsborgarar som fyller 18 år eller meir i valåret, som har vore registrert busett i Noreg i dei siste 10 år, vil automatisk koma med i manntalet. Dessutan kan norske statsborgarar som har vore busett i utlandet samanhengande over 10 år, krevja seg innført i manntalet. Ved lokalval har dessutan utanlandske statsborgarar som har budd i landet tre år på valdagen og elles fyller dei generelle vilkåra, røysterett. Ved ei endring i vallova, Innst. O nr. 61 (1998-99), Ot.prp. nr 37 (1998-99), fekk alle nordiske statsborgarar røysterett ved lokalval dersom dei var innvandra før 1. mars i valåret. Dette vart gjort gjeldande frå og med valet i 1999. Frå og med lokalvalet i 2003 fekk alle nordiske statsborgarar røysterett dersom dei var innvandra før 31. mai. Frå og med lokalvalet i 2007 fekk alle nordiske statsborgarar røysterett dersom dei var innvandra før 30. juni. Norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn: Personar med to utanlandsfødde foreldre.
Standard for landgruppering Standard for fylkesinndeling Standard for kommuneinndeling
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Tilsvarande statistikk attende til 1999
Ikkje relevant.
Personer med røysterett, utrekna finn du her: http://www.ssb.no/emner/00/01/20/stemmerettkomm/ Elektronisk (Artikkel, tabeller og figurer) via Dagens statistikk på SSB si heimeside på Internett.
Datafil vert langtidslagra i SSB
2008 © Statistisk sentralbyrå