13342_om_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/aar
13342_om
statistikk
2015-07-09T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
false
Antall barn og unge med tiltak, undersøkelser og meldinger i barnevernet. 53 100 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2014,

Barnevern2014

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Barnevern
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet

Ansvarleg seksjon

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Meldingar: Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gå gjennom meldingar dei har motteke og konkludere om meldinga skal leggjast bort eller om dei skal starte ei undersøking. Meldingar som kjem til barnevernstenesta og som blir lagt bort, og ikkje fører til undersøking, vart fram til 2013 ikkje innhenta av SSB.

Undersøkingar: Barnevernstenesta har rett og plikt til å starte ei undersøking når det er rimeleg grunn til å tru at barn lever under slike høve at det kan bli aktuelt med tiltak etter lov om barneverntjenester. Frå 2013 blir alle undersøkingar innhenta av SSB, før det er det slik at dersom barnevernstenesta gjer fleire undersøkingar om same barn, er det enten den undersøkinga som førte til vedtak om tiltak eller den første undersøkinga i statistikkåret som vart registrert.

Hjelpetiltak: Hjelpetiltak er etter lov om barneverntjenester heimla i § 4-4 (i gammal barnevernlov både § 18 førebyggjande tiltak og § 51 ettervernstiltak). Hjelpetiltak kan til dømes vera økonomisk stønad, barnehage, støttekontakt, tilsyn, besøksheim/avlastingsheim, heimekonsulent, avlastingsinstitusjon, foreldre-/barneplassar (mødreheim), poliklinisk behandling i psykisk helsevern for barn og unge, hjelp til bustad o.a. Den nye barnevernloven som kom i 1993, opna for at barn kan plasserast bort frå heimen - til dømes i fosterheim - utan at ein må treffa vedtak om å ta omsorgen. Ei slik plassering etter § 4-4 femte ledd, vil då bli eit hjelpetiltak.

Omsorgstiltak: Omsorgstiltak er etter lov om barneverntjenester grunngjeve i § 4-12 (etter gammal barnevernlov § 19). Alle vedtak om å ta omsorgen for barnet og plassere det til oppfostring borte frå heimen skal avgjerast i fylkesnemnda. Omsorgstiltak er tiltak heimla i § 4-12 som til dømes beredskapsheim, fosterheim, barnevernsinstitusjon, andre behandlingsinstitusjonar eller andre omsorgstiltak borte frå heimen. Når barnet er under omsorg, skal alle tiltak barnet har registrerast som omsorgstiltak. Fram til 2013 rapporterte kommunane sjølv om eit tiltak var omsorgstiltak, frå 2013 registrerer SSB om det er hjelpe- eller omsorgstiltak vha. lovheimel på tiltaket. Eit omsorgstiltak er definert som at dersom paragraf er enten §§ 4.8.2, 4.8.3 eller startar med 4.12, eller paragraf er §§ 4.8.,4.8.0,4.8.1 og jamfør paragraf starter med 4.12 er det eit omsorgstiltak.

Ettervern: I 1998 blei barnevernloven endra slik at tiltak som blir starta før barnet er 18 år, kan fortsette eller bli erstatta med andre hjelpetiltak dersom barnet gir sitt samtykke til dette. Slike tiltak kan fortsette til barnet blir 23 år, og eit fellesomgrep for tiltak i aldersgruppa 18-22 år er ettervern.

Nye barn i barnevernet: Alle barn med tiltak frå barnevernet i statistikkåret som vi ikkje finn att i barnevernsstatistikken året før, blir definert som "nye barn" med tiltak. Det vil seie at sjølv om barnet blir registrert som nytt barn i barnevernsstatistikken, kan det hende at barnet har motteke hjelp tidligare. Fullt fødselsnummer er her nøkkelen til å skilje ut kven som er nye barn i barnevernet.

Tilsette vert registrerte i desse utdanningskategoriane: sosionomar, barnevernspedagogar, anna høgskule-/universitetsutdanning, kontor-/merkantilutdanning, anna utdanning/ufaglært.

Organisering: Her vert det registrert dersom barnevernstenesta er organisert i eit vertskommunesamarbeid og/eller som ein del av NAV.

Kvalitetsindikatorar: Her vert det registrert om barnevernstenesta har eit system for brukarundersøking, om dei har nytta brukarundersøking i statistikkåret og om barnevernstenesta har internkontroll.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Tal for heile landet, landsdelar, barnevernsregionar, fylke, kommunar og bydelar i Oslo.

Kor ofte og aktualitet

Ureviderte tal vert publisert i KOSTRA 15. mars kvart år.

Reviderte tal vert publisert i KOSTRA 15. juni kvart år.

Dagens statistikk vert publisert årleg i månadsskiftet juni/juli.

Internasjonal rapportering

Nordisk sosialstatistikkomite (NOSOSKO).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

SSB har årgangsfiler og filforklaringar.

Bakgrunn

Føremål og historie

Barnevernsstatistikken vart første gong publisert i 1900, og var fram til 1954 ein summarisk statistikk laga på bakgrunn av årsmeldingar frå verjeråda. Fram til 1915 blei statistikken laga av Kirke- og undervisningsdepartementet, seinare av Statistisk sentralbyrå. Frå 1954 har barnevernsstatistikken blitt laga på bakgrunn av årlege oppgåver frå kommunane. Den store omlegginga kom på 1990-talet. Frå og med 1992 blei dataomfanget sterkt utvida, og omlegginga førte til brot i nokre av tidsseriane, blant anna for talet på "nye" barnevernsklientar. Tal på nye klientar frå før og etter 1992 kan ikkje samanliknast direkte. I 1993 blei registreringsskjemaet endra som følgje av ny barnevernlov. Den nye lova opna for at barn kan plasserast utanfor heimen utan at fylkesnemnda først må ha fatta vedtak om å ta over omsorgen. Talet på barn under omsorg frå og med 1993 kan derimot jamførast.

Frå og med 1997 blei meldingar til barnevernet tatt ut. No vert det berre registrert informasjon om kven som meldte saka og innhaldet i meldinga, for dei barna kor barnevernstenesta startar eller avsluttar undersøking i statistikkåret.

I 1998 blei det vedteke ei endring i lov om barneverntjenester frå 1993. Alderen på barn og unge som kan få ettervern vart auka frå 18-20 år til 18-22 år. Dermed blei aldersgruppa omfatta av statistikk om barnevern endra.

I 2002 var det ei større omlegging av barnevernsstatistikken. No kom KOSTRA-funksjonane 251 og 252 med i rapporteringsgrunnlaget.

Frå og med 2007 blei Kostra-skjema 15 Barnevern, endra. Talet på tiltakskategoriar blei utvida.

Frå og med 2013 er rapportering av 15 Barnevern endra. Skjema er ikkje lenger tilgjengeleg, det er berre mogleg å levere filuttrekk frå fagsystemet. Meldingar og alle undersøkingar skal no rapporterast, tidlegare vart berre ei undersøking per barn rapportert. Talet på tiltakskategoriar er utvida, og det er innført 8 hovedkategoriar av tiltak med underkategoriar. SSB registrerer no om det er hjelpe- eller omsorgstiltak vha. lovheimel på tiltaket, og om tiltaket er funksjon 251 eller 252 vha. tiltakskategori. Tidlegare rapporterte kommunane dette sjølv. 

Frå og med 2010 vart tilsette i barnevernet inkludert i den generelle barnevernsstatistikken. Tidlegare vart den publisert for seg sjølv http://www.ssb.no/barnevernp/ .

Statistikk over personell i sosialkontortenesta, som er ein summarisk statistikk, vart første gong innsamla i 1984. Det var først i 1991 at tilsette i barnevernet vart skilt ut. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og frå no registrerer ein stillingar etter utdanning omrekna til heile stillingar, og i tillegg talet på ledige stillingar per 31.12. Frå 2012 er også stillingar knytt til funksjon rapportert eksplisitt i tillegg til stillingar på funksjon 244, og frå 2013 er stillingar knytt til funksjon 252 tatt med. 

Opplysningar om organisering og samarbeid vart første gong publisert i 1993. Kvalitetsindikatorane for barnevernstenesta vart første gong publisert i 2006.

Brukarar og bruksområde

Brukarar: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, andre departement, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Statens helsetilsyn, Fylkesmannen, fylka og kommunar, forskingsinstitusjonar, presse og studentar.

Bruksområde: Offentleg planlegging, forsking og utgreiing, utdanning og offentleg debatt.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Oppgåvene vert henta inn av Statistisk sentralbyrå for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester § 2-3. Statistisk sentralbyrå vil i medhald av lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 nytte oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken inneheld opplysningar om; startdato og avslutningsdato for undersøking, kven som melde saka som førte til undersøking, saksinnhaldet i meldinga, og resultatet av undersøkinga. For barn som har motteke tiltak i statistikkåret, registrerer ein om barnet hadde hjelpetiltak og/eller omsorgstiltak, om tiltaket var i familien (funksjon 251) og/eller utanfor familien (funksjon 252), kva slag tiltak og talet på månader tiltaket har vore i gong i statistikkåret. Ein registrerer om foreldra er blitt fråtekne ansvaret for barnet i statistikkåret, om barnet er plassert utanfor heimen i statistikkåret, samt grunnlag for vedtak om tiltak. Frå 2013 inneheld statistikken opplysningar om start- og sluttdato for melding, kven som melde og innhaldet i meldinga, og resultat av meldinga. Start- og sluttdato, og grunnlag for vedtak om tiltak for undersøkingar. Start- og sluttdato, lovheimel, grunnlag for oppheving av omsorgstiltak, og type tiltak for alle tiltak som har vore i gang i statistikkåret. Start- og sluttdato samt eventuell dato for evaluering av plan, og type plan.

Barnevernsstatistikken vert i hovudsak utarbeidd på bakgrunn av registreringar gjort av barnevernstenesta i deira fagprogram. Dei kommunane som ikkje har fagprogram, sendte inn elektroniske skjema frå SSB sine websider fram til 2013. Alle barn som er under undersøking og/eller barn med tiltak etter lov om barneverntjenester i statistikkåret er med i filuttrekket /e-skjema til SSB frå den kommunale barnevernstenesta. Frå 2013 er også alle meldingar til barnevernet med i rapporteringa. Barnet er eining i statistikken og det blir nytta fullt fødselsnummer. Ein kan setja i verk tiltak for barn under 18 år, eller forlenge eit tiltak som er i gong, fram til barnet fyller 23 år, dersom det samtykkjer i dette.

Registrering av tilsette i barnevernstenesta, organisering og samarbeid i det kommunale barnevernet og kvalitetsindikatorar, vert gjort i KOSTRA-skjema 8 som alle kommunar skal rapportere. Tilsette skal registrerast per 31.12. i statistikkåret etter utdanning. Frå 2013 omfattar skjema 8 tilsette på alle funksjonane knytt til barnevern, som er 244, 251 og 252.

Datakjelder og utval

Filuttrekk frå den kommunale barnevernstenesta sine fagprogram er datagrunnlaget. Dei få kommunane som ikkje hadde fagprogram, sendte inn elektroniske skjema frå SSB sine websider fram til 2013.

Tilsette vert innhenta frå den kommunale barnevernstenesta som sender inn elektroniske skjema frå SSB sine websider.

Opplysningar om økonomi er henta frå kommunerekneskapet.

Befolkningsdata per 1.1. påfølgjande år vert brukt for å rekne ut per 1 000 tal.

Ikkje utval. Statistikken skal innehalde alle barn med barnevernstiltak og/eller undersøking i statistikkåret. Og alle tilsette knytte til funksjon 244 Barnevernsteneste, samt funksjon 251 Barnevernstiltak når barnet ikke er plassert av barnevernet f.o.m. statistikkåret 2012, og funksjon 252 Barnevernstiltak når barnet er plassert av barnevernet f.o.m. statistikkåret 2013.

Datainnsamling, editering og beregninger

KOSTRA-skjema 15 Barnevern, og ei filforklaring ligg til grunn for dataregistreringa. Innrapporteringsfristen er 15. januar året etter statistikkåret. For kommunar med fagprogram for barnevern blir det gjort eit filuttrekk som vert sendt elektronisk til SSB. Dei kommunane som ikkje har fagprogram, sendte fram til 2013 inn elektroniske skjema frå SSB sine websider.

Kommunane får tilbake oversiktstabellar og feillister etter innsendt barnevernsstatistikk. Kommunane skal sjekke at tala stemmer, og rapportere til SSB dersom det er feil i innsendte data. I 2013 vart kommunane bedt om å gå gjennom KOSTRA-publiseringa 15. mars og gje SSB tilbakemelding på om tala var korrekte, og feillister vart ikkje sendt ut for 2013.

KOSTRA-skjema 8 Personell og organisering av barnevernstenesta vert sendt inn elektronisk frå SSB sine websider kvart år med frist 15. februar.

Ved interkommunalt samarbeid skal ein rapportere ei fil/eit skjema for kvar kommune.

Kontrollprogrammet for barnevern, som er tilgjengeleg på SSB sine websider, har ein sentral plass i dei faste kontroll- og revisjonsrutinane for statistikken. Kommunane køyrer kontrollprogrammet før innsending av barnevernsfil til SSB, og kommunane rettar opp mest mogleg før innsending. Frå 2013 hindrar dei fleste av kontrollane innsending av datafil og må rettast opp av kommunane. Etter mottak av fil vert kontrollprogrammet også køyrt i SSB. Førebelse tabellar med hovudtal, og feilliste, vart fram til 2013 sendt til den enkelte kommune. Barnevernstenesta i kommunen fører riktige opplysningar på feillista før den vert returnert til SSB for revisjon og oppretting av tala.

Kontroll av data om tilsette byggjer på ei jamføring med talet på tilsette frå året før. Og kommunane vert kontakta dersom det er store avvik for eventuell oppretting eller innsending av nytt skjema.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Celler i tabellane som inneheld tre eller færre einingar vert prikka før publisering.

Samanlikningar over tid og stad

I perioden 1980-1985 brukte ein ikkje fødselsnummer i registreringa, noko som hindra kontroll av dublettar. Tal frå desse åra kan difor ikkje heilt samanliknast med periodane før og etter. Talet på barn under omsorg i 1992 er truleg for høgt fordi statistikkskjema for 1992 var utforma slik at alle plasseringar vart registrerte som omsorgsplasseringar. Det er eit brot i tidsserien i 1993 over nye barn med tiltak som eit resultat av ny definisjon av nye barn.

I 2002 var det endring i barnevernsskjema, der blant anna fleire kategoriar for tiltakstypar kom med.

I 2007 var det ei ny omlegging, med fleire typar tiltak og opplysningar som samlast inn. Det vil seie at barnevernsstatistikken frå 2002-2006 er fullt samanliknbar.

Hovudtal for 2007 og påfølgjande år vil kunne samanliknast med tidlegare årgangar, det vil seie til dømes omfang av barn med tiltak, barn med omsorgstiltak, hjelpetiltak, plasseringar og undersøkingar. Frå og med 2007 har det kome med fleire alternativ for tiltakstype og meldingsinstans. Det vil dermed kunne vere eit brot når det gjelder tiltakskategorien "andre tiltak" og kategorien "andre" for meldingsinstans.

I 2013 var det ei ny omlegging, med innhenting av meldingar, fleire kategoriar for innhald i meldinga, mindre endringar i kategoriane for kven som meldte, innhenting av alle undersøkingar, ikkje berre ei per barn, og fleire typar tiltak. Det vil seie at barnevernsstatistikken frå 2007-2012 er fullt samanliknbar. Hovudtal for 2013 og påfølgjande år vil kunne samanliknast med tidlegare årgangar, det vil seie til dømes omfang av barn med tiltak, barn med omsorgstiltak og hjelpetiltak, omfang av barn med undersøking. For undersøkingssaker er det eit brot, men omfanget av barn med undersøking vil fortsatt bli publisert.

I perioden 1984-1990 fins det ikkje tal for tilsette i den kommunale barnevernstenesta. Frå og med 1992 er barnevernet skilt ut som ei eiga teneste, og registreringa av personell er ikkje blitt nemneverdig endra etter dette. Frå og med 2012 vart også tilsette på funksjon 251 Barnevernstiltak når barnet ikke er plassert av barnevernet inkludert i skjema 8 i tillegg til tilsette på funksjon 244 Barnevernteneste. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne det totale talet på tilsette fordi vi antar at tilsette på funksjon 251 også før 2012 har blitt rapportert inn frå enkelte kommunar. Frå 2013 er også tilsette på funksjon 252 Barnevernstiltak når barnet er plassert av barnevernet inkludert i skjema 8.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ikkje relevant

Revisjon

Ikkje relevant