10.07.10 - Produksjon av nærings- og nytingsmiddel
Halvår. Årleg.
Fylke.
430 - Seksjon for primærnæringsstatistikk
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Skaffe løpende oversikt over produksjonen av kjøt i Noreg.
Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri og kontrollstasjonar. Alle slakt som slakteri og kontrollstasjonar tar hand om skal registrerast i Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret for slakt blir administrert av Statens landbruksforvaltning.
Statistikken blir nytta av offentlege etatar og ulike næringsorganisasjonar.
Populasjonen omfattar alle leveransar av slakt til godkjende slakteri og kontrollstasjonar. Statistikken omfattar ikkje heimeslakt.
Statens landbruksforvaltning sitt register over alle leverte slakt er grunnlaget for utarbeiding av statistikken.
Ikkje relevant.
Elektronisk datainnsamling, frå Leveranseregisteret for slakt.
Statistikken blir kontrollert på aggregert nivå (lands- og fylkestal) i høve til tidlegare års registreringar.
Leveranseregisteret for slakt inneheld alle leverte slakt i løpet av året. SSB mottar aggregerte datafiler, der ein record inneheld opplysningar om alle slakt av det einskilde kjøtslag hos kvar produsent kvar månad.
Tal blir ikkje offentleggjort dersom dei kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter blir identifisert.
Statistikken gir oversikt over talet på slakt og vekt av det einskilde husdyrslag. Husdyrslaga er hest, ku, kvige/okse, kalv, sau, svin, geit, høns, kylling, kalkun og andre fjørfe.
I tabellane blir ofte omgrepet fjørfe nytta. Det er summen av dyreslaga høns, kylling, kalkun og andre fjørfe.
Fylke, der tal blir gitt samla for Oslo og Akershus fordi det er få jordbruksbedrifter i Oslo.
Opplysningane i registeret blir rekna for å vere av god kvalitet. Dette har samanheng med at opplysningane blir nytta til utbetaling av slakterioppgjer til produsentane, og er underlagt ulike kontrollar av registerførar.
Ein mogleg feilkjelde kan vere feilføringar og manglande opplysningar ved innlegging av data i registeret. Ein reknar imidlertid med at opplysningane i registeret er av god kvalitet.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Statistikken går attende til 1952. Ved overgang til registerutnytting i 1995, har publisering av data etter produsentane sin lokalisering i kommune og fylke vore mogleg.
Ikkje relevant.
På SSBs heimesider finn ein statistikken om Kontrollerte slakt Her er det lenke til Statistikkbanken der ein kan lage eigne tabellar og lenke til Om statistkken.
Statistikken om kontrollerte slakt blir også publisert i Statistisk årbok.
Registerførar, Statens landbruksforvaltning, legg også ut statistikk frå Leveranseregisteret for slakt
Mikrodata blir lagra i SSB.
2009 © Statistisk sentralbyrå