Befolkningsstatistikk. Ekteskap og skilsmisser, 2011

Færre vigslar - stabile tal for skilsmisser

I 2011 blei det inngått 23 100 ekteskap, som er 450 færre enn i 2010. 10 200 ektepar blei same året skilde, og 11 200 ektepar blei separerte. Talet på skilsmisser låg på same nivå som dei siste fem åra.

Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom same kjønn. 2009-2011

Inngåtte ekteskap og partnarskap, skilsmisser og separasjonar. 1975-2011

Med vigselstal på vel 23 100 var det framleis mange vigslar i 2011, sjølv om vigselstalet var noko under talet på vigslar dei føregåande fire åra. Skilsmissetala har halde seg på same nivå dei siste fem åra. I 2011 var det 500 færre separasjonar enn i 2010.

Færre omgjorte partnarskap

Det var om lag like mange par av same kjønn som gifta seg i 2011 som i 2010: 259 par. Av desse var det 93 mannlege par og 166 kvinnelege par. Sidan 2009, som var det fyrste året med ny ekteskapslov og rett til å gjera om partnarskapet til ekteskap, er det naturleg at det er færre for kvart år som gjer om partnarskapet til ekteskap. Det var 35 par som valde å gjera om partnarskapet til ekteskap i 2011. I 2009 og 2010 var det respektive 658 og 68 omgjorte partnarskap.

I 2011 blei 56 partnarskap oppløyste ved separasjon og 54 partnarskap oppløyste ved skilsmisse.

40 ektepar av same kjønn blei separerte og 19 ektepar av same kjønn skilde seg i 2011.

Tabeller


Frigitt 23. februar 2012 © Statistisk sentralbyrå