250473
250473
Fortsatt nedgang i skatteinnbetalingar
statistikk
2016-06-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterOffentlig sektor, Skatteregnskap, Svalbard, Offentlig sektor
true

Skatterekneskapmai 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Fortsatt nedgang i skatteinnbetalingar

Frå januar til mai blei det betalt inn 397 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er 3 prosent mindre enn i tilsvarande periode i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mai 2015Mai 2016Mai 2015Mai 2016
I alt409 195397 044-2,9-3,0
Ordinær skatt til staten15 54420 426-2,631,4
Ordinær skatt på utvinning av petroleum17 2358 819-30,2-48,8
Særskatt på utvinning av petroleum28 71013 778-28,0-52,0
Fellesskatt til staten125 246119 738-1,8-4,4
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)14 32315 3823,37,4
Ordinær skatt til primærkommunen66 85472 8633,49,0
Medlemsavgift til folketrygda61 98066 0316,76,5
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda79 28479 2084,1-0,1
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar18800
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-mai akkumulert. Prosentvis endring

Det meste av innbetalingane i mai kom frå personlege skatteytarar. Av dei totalt 127 milliardane som blei betalt i mai kom 122 milliardar frå denne gruppa. Til no i år har personlege skatteytarar betalt inn 316 milliardar kroner, noko som er 4,2 prosent meir enn i tilsvarande periode i fjor. Av denne summen blei 145 milliardar betalt inn til folketrygda, 87 milliardar til kommuneforvaltninga og 84 milliardar til staten.

Nedgangen i samla skatteinnbetalingar hittil i år skyldast i hovudsak lågare innbetalingar av petroleumsskattar. Desse skattane, som blir betalt gjennom ordninga for upersonlege skatteytarar , har gått ned frå 46 milliardar kroner ved utgangen av mai i fjor til 23 milliardar kroner ved utgangen av mai i år.

Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk

Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar medan fellesskatt til staten går ned.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.