Kvart fjerde år (valår)
Tabellane fordelar seg på 7 sametingsvalkrinsar.
320 - Seksjon for befolkningsstatistikk
Samevalførskrifta § 85.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Føremålet er å laga offisiell statistikk frå sametingsvalet. Den fyrste offisielle statistikken over sametingsval vart publisert i 2005.
Dei politiske partia er flittige brukarar av statistikken, likeeins journalister. Statistikken vert òg nytta av departementa for å rekna ut partistønad, og av kommunar og fylkeskommunar. Særskild studentar, som studerar statsvitskap, og valforskarer er andre brukergrupper. Statistikk fra sametingsval vert òg etterspurd frå journalistar, forskarar og studentar i andre land.
Statistikken omfattar resultat frå valet i alle kommunar som har registrert personar som står oppførd i sametinget sitt valmanntal. Det vert henta inn tall for personar med røysterett, kor mange som røysta både på førehand (for kommunar som har under 30 røysteføre er det berre førhandsrøystegjeving) og valting, vraka røyster og kor mange godkjende røyster som ble gjevne på dei einskilde partia. Fordeling av mandat etter parti og valkrins.
Ved valet i 2005 fekk SSB datagrunnlaget frå Ergo Group. Frå og med Sametingsvalet 2009, internett-skjema som vert sendt inn frå dei 7 samiske valkrinsane direkte til SSB.
Totalteljing
Dei sju samiske valkrinsane sender inn alle valdata via eit internettskjema direkte til SSB .
Maskinelle kontrollar ved registrering av tal, hovudsakeleg sumkontrollar og logiske samanhengar.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Kven kan røysta ved sametingsvalet? For å kunne røysta ved sametingsvalet, må ein registrera seg i sametinget sitt valmanntal. Alle samar frå Noreg som er over 18 år eller fyller 18 år i valåret, har rett til å registrere seg i sametinget sitt valmanntal. Alle som avgjer erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som anten a) har samisk som heimespråk, eller b) har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforeldre med samisk som heimespråk, eller c) er barn av person som står eller har stått i manntalet kan krevje seg innført i samemanntalet. Samar som er statsborgarar i andre nordiske land kan registrere seg i samemanntalet dersom dei 30. juni i valåret står innført i folkeregisteret som busette i Noreg. Samar som ikkje er frå eit nordisk land, kan registrere seg i sametinget sitt valmanntal dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen. Sametinget sitt valmanntal er knytt opp mot folkeregisteret. Det er den folkeregistrerte adressa 30. juni i valåret som vert registrert i sametinget sitt valmanntal, og som vert nytta ved sametingsvalet.
7 valkrinsar og 39 representantar Ved sametingsval er landet delt inn i 7 valkrinsar. Det er vald inn totalt 39 representantar frå dei 7 ulike valkrinsane. Dette er fire færre i høve til for fire år sidan.
Valkrinsar ved sametingsval er gruppert på fylgjande måte: 2009 1. Østre valkrins. 2 Àvjovàri valkrins. 3 Nordre Valkrins. 4. Gàisi valkrins. 5. Vesthavet valkrins. 6. Sørsamisk valkrins. 7. Sør-Noreg valkrins. 2005 1 Varanger 2 Tana 3 Karasjok 4 Kautokeino 5 Porsanger 6 Alta/Kvalsund 7 Nord-Troms 8 Midt-Troms 9 Sør-Troms 10 Nordre Nordland 11 Midtre Nordland 12 Sørsameområdet 13 Sør-Noreg
Mengda avgjevne og vraka røyster er i einskilde kommunar usikre. Dette skuldast ugrannsemd ved føring av valbok og feil i avkryssningsmanntalet. Misoppfattingar vedrørande omgrepa vraka røystegjevingar/vraka røyster førekjem. Ei vraka røystegjeving framkjem ved at ein person møtar opp, men får av ulike årsaker ikkje si røystegjeving godkjend. Då skal det heller ikkje verta kryssa av i manntalet og mengda slike røyster skal normalt ikkje takast med i statistikken. Det vert jamvel protokollert og i nokre høve på feil plass under vraka røyster (røystesetlar). Ved revidering må avgjevne og vraka røyster i nokre høve verta justert/retta etter skjønn der kommunane ikkje klårar å finna ut av feila.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
SSB publiserte statistikk for sametingsvalet for fyrste gang i 2005.
Ikkje relevant.
Elektronisk (Artikkel, tabellar og figurar) via Dagens statistikk på SSB sin heimeside på Internett.
Statistikkfila vert langtidslagra i SSB samt hjå Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste (NSD) til forskningsføremål.
2009 © Statistisk sentralbyrå