Årleg.
Ikkje relevant.
440 - Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk
Statistikklovens §2-2
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Formålet med statistikken er å gi ei oversikt over talet på passasjerar, skip og bruttotonnasje på skip som går i innanlandsk rutefart med konsesjon frå myndigheitene. Innanlandsk rutefart er utarbeidd årleg frå 1953. På grunn av endringar i samferdslelova frå 1987 er berre transport av passasjerar konsesjonspliktige. Før 1987 var transport av både gods og passasjerar i rutefart konsesjonspliktig. Frå 1987 blir berre konsesjon for passasjertransport kravd, men for ruter kor passasjertransporten blir drive kombinert med godstransport er også godstransporten teke med. Frå 1994 blei opplysningar om innsjøruter henta inn særskilt i eit eige skjema.
Forsking- og analyseinstitutt. Samferdsledepartementet, fylkeskommunar og kommunar. Tala blir og brukte reiselivsformål.
Statistikken omfattar i prinsippet alle dei konsesjonspliktige rutene for passasjertransport. Dette gjeld kystruter, lokalruter og bilferjeruter. Det er difor inga avgrensing på bruttottonnasjen. Omfanget av statistikken blei endra frå og med 1987 på grunn av endringar i samferdsleloven. Statistikken omfattar også dei "reine godsrutene" som selskapa får tilskott frå myndigheitene for å drive. Opplysningar om innsjøruter blir henta inn i eige skjema der vi spør om talet på passasjerar og kor mange dagar båten har vore i drift. Innsjørutene er i drift berre i sommarmånadene.
Statistikken byggjer på oppgåver frå dei enkelte ruteselskapa. Det er fylkeskommunane som gir konsesjon for transport av passasjerar, og undersøkinga tek utgangspunkt i dei føretaka som har konsesjon frå fylkeskommunane. Passasjertala på bilferjerutene blir henta inn frå Vegdirektoratet.
Undersøkinga er ei totalteljing.
Skjema blir sende til fylkeskommunane i kvart fylke. Fylkeskommunane sender skjema vidare til ruteselskapa som har konsesjon for passasjertransport. Fylkeskommunen gir opp innehavarane av konsesjonane til SSB. Det er om lag 60 skjema som blir rapporterte inn kvart år, og det blir fylt ut eit skjema for kvar rute av samme art for kvart selskap (med unntak av kystruter).
Oppgåvebyrde
Utfyllinga av skjema tek 30 min. Totalt for alle skjema 30 timar, ca. 3,5 dagsverk.
Det blir gjort manuelle kontrollar av skjema som kjem inn før dei blir dataregistrerte manuelt.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Innanlandsk rutefart blir definert av desse rutene: kystruter, lokalruter, bilferjeruter og innsjøruter.
Det er berre Hurtigruten Bergen-Kirkenes som blir definert som kystrute per i dag.
Lokalrutene utgjer transport av passasjerar i faste ruter langs kysten. Flaggruta Stavanger-Bergen inngår i lokalrutene.
Bilferjeruter blir rekna som forlenging av vegnettet, og utgjer alle strekningane der kjøretøy blir transporte samstundes med passasjerar.
Innsjøruter utgjer alle båtane som trafikkerer på innsjøar og på tilhørande kanaler og sluser.
Alle skjema blir kontrollerte manuelt før dataregistrering. Ved usemje av opplysningar som er gitt mellom kjennemerka, vil dette bli retta opp ved manuell kontroll. Målefeil kan finnast, dvs. at tal er gitt med feil måleeining. Det blir rekna som liten moglegheit for feil ved omarbeidinga dersom dei innrapporterte data er av god kvalitet. Dataene blir publisert utan oppblåsings- og utrekningsmetodikk.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Frå oppgåveåret 1987 ble samferdsleslova endra og tala for kyst- og lokalrutene er ikkje samanliknbare før og etter 1987.
For meir detaljert statistikk om bilferjeruter, sjå Vegdirektoratets publikasjon Ferjestatistikk.
For meir detaljert statistikk om Hurtigruta, sjå SSB si Internettside www.ssb.no/hurtigruta.
Internettadresse: http:/www.ssb.no/rutinn
Språk: (bokmål/nynorsk, engelsk)
Nynorsk og engelsk
Publikasjonar: Statistikken blir publisert på Internett som Dagens statistikk på SSB si heimeside. Statistikken blir publisert i NOS Sjøfart og i NOS Samferdsel.
Datagrunnlaget blir lagra som flate filer.
2011 © Statistisk sentralbyrå